Hopp til innhold

– Ein av dei mest dramatiske aksjonane eg har vore med på

Det er lenge sidan den erfarne redningsmannen ved Forsvarets 330 skvadronen i Florø har vore med på eit så dramatisk oppdrag; redningsaksjonen i Geiranger førre veke har sett sine spor.

Video Redningsmann Dag Børslien fortel om dramatisk aksjon i Geiranger

NETT-TV: Redningsmann Dag Børslien fortel om den dramatiske aksjonen i Geiranger.

Fredag ettermiddag fekk Dag Børslien og dei andre i crewet ved redningshelikopterbasen i Florø melding om at ei kvinne hadde ramla gjennom snøen og hamna i fossen ved Dalsnibba i Geiranger.

Redningsmann Dag Børslien

Redningsmann Dag Børslien

Foto: 330 skvadronen avd. Florø/Simon Solheim, NRK

– Vi var på veg til ei øving med Norske Redningshunder i Førde då vi fekk meldinga. Det var ei ganske dramatisk melding, seier Børslien som er leiande redningsmann ved 330 skvadronen si avdeling i Florø.

Kjem på topp tre-lista

Totalt tre helikopter vart sende til Geiranger og i tillegg vart fleire redningsdykkarar varsla sidan dei første meldingane gjekk ut på at kvinna hadde hamna i fossen.

For Børslien og resten av besetninga ombord i Sea King-helikopteret vart dette eit oppdrag dei kjem til å hugse lenge:

– Eg har arbeidd som redningsmann i ti år no og dette oppdraget ligg på topp tre-lista over aksjonar eg vil hugse i lang tid framover, seier Børslien.

Då NRK.no besøkte basen på Florø lufthamn i helga var stemninga roleg. Praten om den dramatiske aksjonen var samtaleemne rundt bordet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsaksjon i Geiranger

DRAMATISK: Aksjonen i Geiranger fredag var krevjande for redningsmennene.

Foto: 330 skvadronen avd. Florø

Hamna på sjukehus

Den 27 år gamle kvinna som vart berga av Børslien og resten av redningsmannskapet vart frakta til Førde sentralsjukehus. Ho er forslått og har øydelagt eine kneskåla.

– Ramma rundt denne aksjonen var veldig spesiell. Det er ikkje ofte vi kjem borti liknande. Det var veldig kaldt vatn som kom strøymande nedover og vi hadde ikkje heilt oversikt over situasjonen. Samstundes var det ein stor snøskavl over oss som kunne rase ned, seier Børslien.

Basen i Florø vart oppretta i september 2009 og redningshelikopteret har hatt mange oppdrag. Børslien fortel at dei har hatt mange utfordrande oppdrag i fjellet.

I juli i fjor måtte dei hente ned ein 25 år gamal svenske som hadde gått seg fast i fjellet ved Søreide i Høyanger:

Video Redningsaksjon på Søreide

NETT-TV: Sjå den dramatiske videoen frå 330 skvadronen, der Filip Ainouz (25) blir redda frå det høge stupet på Søreide i Høyanger i juli 2010.