Hopp til innhold

Her blir den livredde mannen redda

Kledd i berre t-skjorte og dongeribukse sat Filip Ainouz fast i den stupbratte fjellsida i to timar.

Video Redningsaksjon på Søreide

REDNINGSAKSJON: Sjå den dramatiske videoen frå 330-skvadronen, der Filip Ainouz (25) blir redda frå det høge stupet.

- Det var min første fjelltur i Norge. Eg tenkjer meg nok ekstra godt om neste gong, seier Filip Ainouz til NRK Sogn og Fjordane.

Søndag ettermiddag skulle 25-åringen frå Sverige berre ut på ein kort fjelltur.

Det enda med ein dramatisk redningsaksjon i fjella ovanfor Søreide ved Sognefjorden i Høyanger kommune.

SJÅ DEN DRAMATISKE VIDEOEN FRÅ 330-SKVADRONEN:

Video Redningsaksjon på Søreide

Klorte seg fast over stup

Sat fast i fjellsida

SKORFAST: Her sit 25-åringen frå Sverige fast - med eit 60 meter høgt stup under seg.

Foto: 330-skvadronen

Ainouz følgde ein sti på veg ned frå fjellet, men miste etterkvart kontrollen på kor han var.

Med eitt sat han fast i ei stupbratt fjellside - 640 meter over fjorden. Der klatra han rundt i ein time for han torde å ringe etter hjelp. Til alt hell hadde han mobiltelefonen med seg.

Rett overfor eit 60 meter høgt stup klorte 25-åringen seg fast til redningshelikopteret kom til staden.

Glad han er i live

Dagen etter dramatikken er Ainouz full av sår og skrammer nedover armane. Klatringa i fjellsida har sett sine tydelege merke...

Sjølv er han lykkeleg over å ha biltt berga ned - og han ser humoristisk på det heile.

Det er berre nokre veker sidan sivilingeniøren flytta til Bjordal for å jobbe for Østerbø maskin. Han var måndag tilbake på jobb, og skulle då på oppdrag i Vågsøy kommune.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Forvent det uventa

Erland Karlsen er kaptein for 330-skvadronen i Florø. Han fortel om ein redningsaksjon som gjekk etter prosedyrene - men som fort kunne ha fått eit anna utfall.

- Det er veldig bratt på staden, og det er nesten godt gjort å komme seg dit med det utstyret han hadde. Så det er bra at han ikkje gjekk vidare. Då kunne dette ha fått eit heilt anna utfall, seier Karlsen.

Kapteinen rår folk som skal på tur i fjellet til å ta med seg rett utstyr, og at ein forventar at noko uventa kan skje. Han meiner det også er fornuftig å ha med seg opplada mobiltelefon.