Hopp til innhold

Sparebanken: – Dette har vore ei svært krevjande sak

Sparebanken Sogn og Fjordane er passeleg nøgde etter forliket med staten der dei får 20 millionar kroner. Men ved å inngå forliket, unngår dei ein runde i retten.

Sparebanken Sogn og Fjordane i Førde

FÅR ERSTATNING: Sparenbanken Sogn og Fjordane kan no bokføre 20 millionar kroner etter forliket.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Saka har vore veldig krevjande og vi føler det har gått seint framover. Partane har hatt ulike oppfatningar av saka, seier bransjeansvarleg for fiskeri og havbruk i sparebanken, Roger Svarstad.

Måndag blei det kjend at staten betaler 20 millionar kroner i erstatning etter at Havforskningsinstituttet selde smitta yngel til oppdrettaren Nærøysund AS i 2006.

Administrerande direktør i Havforskningsinstitutet, Tore Nepstad, seier at dei skulle ha varsla Nærøysund AS om at instituttet hadde smitte i anlegga sine.

Ei rettsak hadde kosta tid og pengar

Selskapet blei slege konkurs i 2009 etter at all torsken måte slaktast då den hadde fiskesjukdommen Francisella.

Svarstad seier det sjølvsagt skulle ønskje dei fekk meir pengar, men seier at slik blir det med forlik.

– Begge partane er vel passeleg nøgde og passeleg misnøgde. Det har vore ein lang prosess og vi var glade for å komme til eit forlik. Skulle vi køyrd denne saka i rettssystemet, hadde det kosta både mykje tid og pengar.

Banken hadde bevisbyrden

Dermed kunne det fort gått eit par år ekstra, i ei sak som allereie har teke to og eit halvt år.

– Det har teke så lang tid, fordi sparebanken har hatt bevisbyrden og vi har jobba for å få fram fakta, seier han.

Det samla kravet mot Havforskingsinstituttet var på 45 millionar kroner.

– Men i den summen var ikkje berre vårt krav, seier Svarstad.

Dei 20 millionane banken no får, skal gå som ei innteksføring på det tidlegare tapet.