Hopp til innhold

Kan få gigantkrav etter konkurs

Kreditorane kan krevje 50 millionar av Havforskingsinstituttet.

Karl-Petter Myklebust
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det totale tapet for oppdrettsselskapet Nærøysund AS er på 50 millionar kroner, og det vert det sannsynlege kravet. Det seier tidlegare dagleg leiar og storaksjonær Karl-Petter Myklebust, til Bergens Tidene.

Det er kreditorane i konkursbuet som kjem til å krevje erstatninga.

Smitta fiskeyngel

Havbrukselskapet Nærøysund fekk eit omfattande utbrot av fiskesjukdomen francisella.

Det førte igjen til at Nærøysund AS i Florø Slår seg sjølv konkurs etter 20 år 2. oktober. Myklebust meiner Havforskingsinstituttet har skulda for konkursen.

Myklebust hevdar han kan dokumentere at smitten kom frå stamfisk frå anlegget til Havforskingsinstituttet, som leverte yngelen .

Avdelingsdirektør i Havforskingsinstituttet, Øystein Brun, seier ein på dette tidspunktet ikkje kan seie om francisella-bakterien, som øydela for Nærøysund AS, faktisk kom frå deira leveransar av yngel.

Lang konflikt

Det er ikkje første gong Nærøysund AS og Havforskinginstituttet er i klammeri. Dei har det siste året krangla om kven som har ansvaret og kven som skal dekke erstatninga.

Sparebanken Sogn og Fjordane er største kreditor i konkursbuet, med eit lån på 36 millionar til Nærøysund AS. Sparebanken konsentrere seg no om å få seld unna fisk. Dei vil i neste omgong forfølgje kravet mot Havforskingsinstituttet.

Første skiftesamling i kjølvatnet av konkursen vert halde i Fjordane Tingrett onsdag.