– Det er vemodig. Eg prøvde å telje opp kor mange som ville stemme på meg, men eg måtte innsjå at slaget er tapt. Så no tar eg tapet på forskot, eg hadde ikkje sjanse, seier Lødemel.
Høgre-politikaren frå Hornindal har sidan 2009 vore på Stortinget. I morgon skulle lokallaga til Høgre kome med sine endelege forslag til stortingsliste for Sogn og Fjordane Høgre, men i mangel på støtte trekk Lødemel seg.
– Dette er ei tung avgjerd som eg har tenkt på ei stund. Det er eit tøft liv i politikken.
Lødemel gir no opp kampen om ein tredje periode på Stortinget, og trer til side.
– Vi skal ha ein god og trygg prosess på dette. Eg ville trekkje meg i dag, sånn at vi kan samle oss kring valet av Frida Melvær.
Respekterer valet til Lødemel
Nominasjonsnemnda til Høgre sitt fylkesval valde å vrake Lødemel, og heller innstille Frida Melvær til førsteplassen. Leiar i nominasjonsnemnda til Sogn og Fjordane Høgre, Arlene Vågene, forstår valet til Lødemel.
– Eg respekterer valet til Lødemel etter at vi har valde Frida Melvær som førstekandidat. Det står rett og slett stor respekt av dette. Samtidig vil eg takke Lødemel for arbeidet han har gjort, seier Vågane.
Etter valet om å trekkje seg, ser Lødemel likevel framover.
– Eg skal stå på vidare til det beste for både Høgre og for fylket vårt.
Etter at Lødemel la ut ei melding om at han trekk seg på si eiga side på Facebook, har tilbakemeldingane strøyma inn.
– Det er ein del som reagerer på det, og som kjem med gode ord. Det set eg pris på.
- Les også: