Hopp til innhold

Dei kjempar om førsteplassen

Bjørn Lødemel har ikkje gitt opp kampen om ein tredje periode på Stortinget, trass i at han vart vraka av nominasjonsnemnda.

Følg nominasjonen i Høgre direkte frå Skei hotell i Jølster.

HØGRENOMINASJONEN: Frida Melvær frå Askvoll og Bjørn Lødemel vil begge vere 1. kandidat for Høgre til Stortingsvalet. Du kan følgkje nominasjonsmøtet til Høgre direkte i nett-TV laurdag frå klokka 11.

Laurdag skal nominasjonsmøtet i Sogn og Fjordane Høgre ta endeleg stilling til om Lødemel eller Askvoll-ordførar Frida Melvær som er innstilt på førsteplass, blir partiet sin Stortingskandidat.

– Eg har flest lokallag, medan Frida Melvær har flest av dei store laga. Men talet på utsendingar og kvar dei kjem frå, vert også avgjerande. Og eg har trua, seier Lødemel.

Han er klar for kamp om førsteplassen, men er likevel open for å tre til side dersom det syner seg at han ikkje har det naudsynte fleirtalet. Motkandidaten Frida Melvær vedgår at ho er spent framfor nominasjonsmøtet som startar klokka 11 laurdag føremiddag.

– Det vert ein spanande laurdag, og så får vi ta det som det kjem, seier Melvær.

Ope framfor nominasjonsmøte

For sjølv om nominasjonsnemnda har innstilt ho som førstekandidat, tek ikkje Melvær sigeren på forskot.

– Eg har stor respekt for Bjørn Lødemel. Mange lokallag har han også på førsteplass. Med bakgrunn i det så er det framleis heilt ope, seier Melvær.

Til Firda seier Bjørn Hollevik, som til no har vore sett på som arvtakaren til Lødemel, at også han stiller seg bak Frida Melvær som førstekandidat.

– Arbeidet til nominasjonsnenmda har synt at Frida Melvær har brei støtte i lokallaga. Når det gjeld Stortingsvalet, skal Høgre ha ein person på Stortinget frå Sogn og Fjordane. Då må vi ha ein kandidat som er samlande og har stor oppslutnad i alle lokallag, seier Hollevik

For Bjørn Lødemel kjem det ikkje overraskande at Hollevik støttar Melvær.

– Det gjorde vel i grunnen ikkje det. Frida Melvær er frå Askvoll og Hollevik kjem frå nabokommunen Flora, seier Lødemel.

Glad for støtte

– Det er kjekt å få støtte, både frå Hollevik og frå lokallaga. Eg er takknemleg for den støtta som har kome fram i nominasjonsprosessen, seier Melvær.

Eitt av momenta i nominasjonskampen i Høgre har vore at Bjørn Lødemel kjem frå Hornindal, ein kommune som kanskje ikkje er ein del av Sogn og Fjordane i framtida. Sjølv trur han at dette vil spele mindre rolle på nominasjonsmøtet. Uansett vil han kjempe det han kan for å få fire nye år på Stortinget.

– Eg har veldig lyst til å halde fram. Lyst har berre auka fordi vi no sit i regjering og dermed har gode moglegheiter til å påverke politikken. Så få vi sjå om nominasjonsmøtet gir med høve til det, seier Lødemel.