Hopp til innhold

– Det var eit spektakulært syn

Fjærland fekk storfint besøk i ettermiddag, då fem spekkhoggarar leika seg i fjorden.

Spekkhoggarar i Fjærlandsfjorden. Foto: Torbjørn Sælen.

FOTO: Torbjørn Stølen

– Det var lett å både høyre og sjå dei. Dei var store og bles ut luft, med ein mykje høgare lyd enn nisene som vi av og til ser, seier Maria Langhelle.

Rykta om dei store kvalane som boltra seg i fjorden hadde nådd ho og dei andre tilsette ved Fjærland hytter tidlegare på dagen, og dei skoda spent ut over fjorden. Og ventetida vart kort.

– Dei kom innover i fjorden i ganske godt driv. Eg trur det var fem stykke, men det var litt vanskeleg å telje dei, fortel Langhelle.

Spekkhoggarar leikar seg i Fjærland.

SJELDAN SYN: Skodelystne i Fjærland fekk sjå fem spekkhoggarar som leika seg i fjorden.

Foto: Maria Langhelle

Også Torbjørn Stølen og kollegaen Daniel Meisterplass var heldige og kom nærast i nærkontakt med spekkhoggarane. På vegi båt tilbake frå ein jobb lenger ute i fjorden såg dei kvalane heilt inne i fjorden ved sjølve Fjærland.

- Vi var ikkje så skeptiske, men eg hadde litt puls. Eg fann meg ein stad eg kunne halde meg fast om det skulle skje noko, fortel Stølen.

Heller ikkje han har sett dei før i Fjærland. Spekkhoggarar er kjenneteikna av det svarte og kvite mønsteret, og kan bli opp mot ni meter lange og vege opp til sju tonn. Den har blitt sett i Fjærland tidlegare, men er ikkje eit vanleg syn.

– Det var ei flott oppleving, som eg aldri har sett før. Det var rett og slett litt spektakulært.

Spekkhoggarar i Fjærland.
Foto: Maria Langhelle