Eit slikt hjelpemiddel har vore sårt sakna, seier beredskapsleiar Bjørn Berge.
– Det er ein flott bil, det blir ei heilt anna verd for oss, både med tanke på sløkking og redning i høgda.
Han og utrykkingsleiar Jan Svoen har venta lenge på denne dagen. Det er ti år sidan dei først prøvde å få Førde kommune til å investere i ein slik doning. Det har teke tid, mellom anna fordi det ikkje er småpengar som skal til.
- Høyr reporter Håvard Heggen sin reportasje frå stigebilen:
29 meter ut til sida
Bilen, som er bygd av Bronto i Tammerfors i Finland, kostar rundt åtte millionar kroner.
Han veg 27 tonn, og brannmannskapa kan kome 42 meter opp i lufta ved hjelp av liften.
– Dette er svære greier. No kan vi kome over taket på Førde Sentralsjukehus. I tillegg kan vi gå 29 meter ut til sida, og det er veldig nyttig om vi til dømes skal berge folk ute i elva, seier Jan Svoen.
Han seier at stigebilen ville ha vore til veldig stor hjelp om dei hadde hatt han då det brann på Handelshuset i 2016. Berge nemner og brannen på krabbefabrikken på Atløy på nyttårsaftan.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Denne veka skal brannmannskapa i Førde få opplæring i bruken av stigebilen av to representantar for leverandøren.
Vil gjerne hjelpe andre
Jan Svoen seier at han håpar stigebilen kan brukast til sløkking av brannar langt utanom Førde.
– Det er viktig for oss å få mykje trening i bruk av bilen. I løpet av ein time kan vi nå både Florø, Høyanger og Gloppen. Sjølv om bilen er tung, kan vi lett halde 100 kilometer i timen med han, for det er kraftig motor. Blir vi varsla tidleg, kan vi vere ein god ressurs for andre.
Brannen i Heradshuset på Sandane er eit døme på ein brann der stigebilen ville ha kome til nytte.
Både Jan Svoen og Bjørn Berge gler seg til å få teke stigebilen i bruk.
– Det som er fasiten no er øving, øving og atter øving, seier Berge.