Hopp til innhold

Kommunestyresalen totalskadd – må truleg finne midlertidige arbeidsplassar

SANDANE (NRK): Rådmannen i Gloppen seier mange av dei som har arbeidsplassen sin på Heradshuset på Sandane, truleg må arbeide frå andre plassar etter brannen i huset.

Brannsjef Kleppe og kommunestyresalen

KOMMUNESTYRESALEN: – Her er det fullstendig nedbrent, seier brannsjef Runar Kleppe.

Foto: Bård Siem / NRK

– Her ser vi ein utbrent kommunestyresal.

Brannsjef Runar Kleppe ser ut over det mest forbrente rommet etter brannen i Heradshuset på Sandane. Han og 20 brannfolk klarte til slutt å stanse brannen, men kommunestyresalen var ikkje til å redde.

– Det er store skadar på delen mot vest i tredje etasje, fortel Kleppe.

I tillegg har bygget fått store vasskadar etter sløkkinga av brannen.

– Det er betongdekk i bygget, men alle golv på vestenden vil ha vasskadar.

Skal få ei oversikt i løpet av dagen

– Det var ein forferdeleg følelse. Vi hadde aldri trudd at huset kunne brenne.

Kommunestyresal utbrent Heradshuset

TOTALSKADD: Kommunestyresalen ser ikkje ut etter brannen i Heradshuset.

Foto: Bård Siem / NRK

Det seier fungerande rådmann i Gloppen, Kjetil Øygard. Heradshuset fungerer som administrasjonssenter for Gloppen kommune. Totalt har rundt 40 personar sin arbeidsplass i bygget.

– Vi skal prøve å finne gode ordningar, det er ikkje heile huset som er skadd. Vi må sjå kva vi kan bruke av andre lokale, og finne midlertidige løysingar, fortel Øygard.

Han seier at brannen kom som eit sjokk på dei som har sin arbeidsplass i huset.

– At Heradshuset skulle ta fyr var heilt uverkeleg. Det er med vantru ein opplever at det her har skjedd på arbeidsplassen vår. Vi får brette opp ermene å ta tak i det.

Kraftig brann i kommunehuset

BRANN: Flammane stod igjennom taket på huset, som er brukt som kommunehus i Gloppen. Foto: NRK-tipsar

Må få ut røyk og vatn

Brannvesenet driv framleis litt ettersløkking på skaden, men fortel at det neste no blir å sørge for god lufting av bygget.

– Så snart vi har fått full kontroll må vi lufte ut så godt vi kan. Heile bygget har røykskadar, seier brannsjef Kleppe.

Brann Heradshus Sandane
Foto: Aadne Gloppestad / Firda Tidend

I tillegg er det mykje vatn i mange av romma. Det har kome via sløkkingsarbeidet i natt.

– Vi må og få ut vatnet før vi har ei god oversikt over dei totale skadane, fortel Kleppe.

Vasskadar Heradshuset

VASSKADAR: Mange av romma i Heradshuset er fulle av vatn etter sløkkingsarbeidet.

Foto: Bård Siem / NRK

Han vil førebels ikkje spekulere i kva som er årsaka til brannen.

– Det er for tidleg å sei kva som har skjedd, men det har skjedd i området med kommunestyresalen. Eg forstår det ikkje heilt, fordi hovudventilasjonen ligg på den andre sida, og det er ikkje skada.

Kor tidleg delen av bygget som ikkje er skada kan opnast for dei som har sin arbeidsplass ved Heradshuset, er framleis ikkje sikkert.

– Heile huset er stengt. Vi kjem til å ta ei ny vurdering, men først må vi få ut så mykje vatn som mogleg, fortel Kleppe.

Politiet skal undersøke brannen og foreta avhøyr på fredag. Det er ikkje ikkje er mistanke om noko kriminelt.

Kommunesamanslåing Nordfjord

FØR BRANNEN: Slik såg kommunestyresalen ut før brannen. Biletet er frå februar.

Foto: Silje Guddal / NRK