– Dette synest vi er frykteleg trist. Det er forferdeleg når sånt skjer, fordi det er det vi prøver å unngå kvar einaste dag, seier Kari Kjellstad, fungerande leiar for Fellesoperativ eining ved Hordaland politidistrikt.
Ein mann vart onsdag kveld funnen livlaus i arresten på politihuset i Bergen sentrum. Mannen var i politiets varetekt mistenkt for valds- og vinningsforhold.
Mannen er alvorleg skada og ligg framleis bevisstlaus på Haukeland universitetssjukehus, skriv Bergensavisen.
- LES OGSÅ:
– Skal ikkje skje
Mannen skal ha skada seg sjølv, men politiet vil ikkje kommentere korleis dette har skjedd eller kva han har skada seg med.
– Dette er detaljar som Spesialeininga skal prøve å finne ut av. Difor kan ikkje eg seie noko om detaljane på noverande tidspunkt, seier Kjellstad.
Politiet har rutinar kvar dag for å unngå at slike ting skal skje.
– Vi kontrollere alle som kjem inn, og passer på at dei ikkje tar med seg gjenstandar som dei kan skade seg med. I tillegg så får dei tilsyn og vi gjer det vi kan for at dei skal få eit så godt opphald som mogeleg i arresten, seier ho.
Etterforskar saka vidare
Det er no Spesialeininga som etterforskar saka vidare.
– Dei som jobbar i arresten skal jo prøve å forhindre at dette skjer. Difor vil vi følgje opp desse, for det er ein stor belastning også for dei når sånt skjer, seier Kjellstad.
– Vi vil vente til vi har resultatet frå Spesialeininga for å sjå kva vi gjer vidare, legg ho til.