Hopp til innhold

– Bør bli billegare bilforsikring

Vegvesenet meiner det bør bli billegare å forsikre bilen for unge bilførarar. – Ungdom under 21 år er meir utsett for ulukker, og det må me ta omsyn til, svarar forsikringsselskapa.

Hans Olav Hellesøe

– BØR BLI BILLEGARE FORSIKRING: Hans Olav Hellesøe i Statens vegvesen.

Foto: Giselle Jensen

– Ved å redusere den ekstra eigendelen vil det bli lettare for foreldre å låne ut nye bilar til tenåringen sin, meiner Hans Olav Hellesøe i ulukkesanalysegruppa i Statens vegvesen.

Høg eigendel

Tal viser at ungdom køyrer eldre bilar enn resten av befolkninga, bilar som ikkje er like trygge som nyare modellar.

– Det er høgare eigendel om bilførarar under 21 år skal køyra foreldra sin bil, det kan vera ein av grunnane, seier Hellesøe.

Rundt ein fjerdedel av dei som døyr på vegane våre er mellom 16 og 24 år, og Trygg Trafikk meiner eit grep for å snu den negative trenden er å unngå at ungdom køyrer rundt i gamle vrak.

Blir du utsett for ei bilulukke kan det vere avgjerande for deg om du køyrer ein ny eller eldre bil. Trygg Trafikk meiner difor at unge, ferske sjåførar bør få reise avgarde med den nyaste familiebilen.

Lat ungdommane få køyre nybilen.

– Må tenkja på risikoen

Hellesøe meiner forsikringsbransjen vil bidra til færre alvorlege ulykker ved å redusere den ekstra eigendelen ein må betale for bilførar under 21 år.

Leif Osland, informasjonsdirektør FNH

– MÅ TENKJA RISIKO: Leif Osland, kommunikasjonsdirektør i Finansnæringens fellesorganisasjon.

Foto: pressefoto / FNO

Men forsikringsselskapa er pålagde å ta omsyn til skaderisiko når dei fastset bilforsikringane.

– Det er heilt klart høgare risiko for unge enn for eldre sjåførar, seier Leif Osland, som er kommunikasjonsdirektør i Finansnæringens fellesorganisasjon.

– Det er dei enkelte forsikringsselskapa som tek standpunkt til prisane. Me trur at det viktigaste her er haldningsendringar. Ein veit at fart, rus og manglande bilbelte drep, og haldningane er det viktigaste.

– Når dei unge kjøper eigen bil, so trur eg at prisen på bilen er viktigare enn forsikringa.