Kriseteamsleiar: – Barna såg ikkje dødsulukka

Dei to gutane på 8 og 10 år som i går mista foreldra i ulukka på Nigardsbreen, var ikkje direkte vitner til hendinga. Kriseteamet måtte i etterkant informere dei om at foreldra var omkomne.

Rasulukke ved Nigardsbreen.

MISTA FORELDRA: To tyske gutar på 8 og 10 år mista foreldra sine då Nigardsbreen kalva søndag ettermiddag.

Foto: Erik Bloemink

Søndag omkom foreldra til dei tyske gutane, då dei fekk isblokker frå Nigardsbreen i Luster, over seg. Ifølgje kriseteamet skal ikkje barna ha vore direkte vitner til ulukka.

Barna, to gutar på 8 og 10 år, vert tekne hand om av kommunen sitt kriseteam på eit hotell i kommunen. Kriseteamet består av lege, to psykiatriske sjukepleiarar, helsesøster og ein tysk tolk.

– Vi har snakka med barna, og dei er plassert på eit hotell saman med kriseteamet. Dei vil vere der inntil besteforeldra kjem frå Tyskland. Det vil truleg bli nokre vitneavhøyr utover dagen, og så tek vi dei tilbake hit seinare og snakkar med besteforeldra når dei kjem, fortel lege og leiar i kriseteamet, Truls Rogstad.

Var ikkje direkte vitner til ulukka

Barna har fortalt kriseteamet litt om sjølve ulukka på breen. Rogstad seier at ifølgje legen som hadde vakt på staden då ulukka skjedde, var barna på såpass stor avstand at dei ikkje såg hendinga direkte.

– Eit par timer etter at alt var avklart informerte vi dei om at foreldra var døde. Dei reagerte noko, men tok det tilsynelatande roleg. Men det er slik barn ofte gjer, dei treng litt tid til å prosessere ting.

Det viktigaste no er å halde det roleg rundt barna, fortel legen. Han føler dei har vunne tilliten til barna, som også er viktig.

– Vi er fast rundt dei heile tida. Vi prøvar å lage ein mest mogleg roleg atmosfære rundt dei slik at det ikkje vert altfor mykje oppstyr. Vi skjermar dei unna dei verste inntrykka. Dei treng mest mogleg ro og kvile, dei treng mat og sove ut, for å reagere på den måten vi ønskjer. Vi har dei til samtalar her inne, og vi kjem til å ha eit møte seinare i ettermiddag og seinare med besteforeldra, seier Rogstad.

Ventar besteforeldra i kveld

Lege og leiar i kriseteamet Luster

GJER ALT DEI KAN: - Dette er ei skikkeleg tragisk sak, seier kriseteamsleiar i Luster, Truls Rogstad.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Besteforeldra til barna er venta å kome til Haukåsen lufthamn i Sogndal kring klokka 18.00 måndag kveld.

– Så får vi sjå om dei vil ta dei med tilbake direkte, eller om dei vil vere her ei stund. Det veit vi førebels ikkje, seier Rogstad.

Han fortel at natta har gått greitt etter høva.

– Dei har sove. Barn er veldig rasjonelle og rolege, men dei reagerer jo innvendig, så det er klart at vi er budd på å ta det som kjem av reaksjonar.

Sikrar dei vidare hjelp i Tyskland

Leiaren av kriseteamet seier det viktigaste no er å prate med barna og gjere dei trygge på dei som er rundt.

– Vi må vere rundt dei heile tida, passe på dei, ta imot reaksjonar. Så det gjeld berre å snakke med dei slik at dei blir trygge på oss. For dei er i eit heilt framand land, og då treng dei i første omgang å bli kjend med personalet som står rundt dei, fortel Rogstad.

Men kriseteamet jobbar også for å sikre at barna får den hjelpa dei treng i Tyskland.

– Når dei overførast vidare til Tyskland vil dei kunne trenge meir hjelp og oppfølging. Og det kjem vi til å kontakte folk i Tyskland for å få avklart, seier han.