80 personar omkom i trafikken i år

Totalt har 80 personar mista livet i trafikken so langt i år. Det er ein liten nedgang frå sist år, då 83 personar hadde mista livet på same tidspunkt. Det skriv Trygg Trafikk i ei pressemelding. Viken er fylket med flest omkomne, med 21 personar.