Isen renn vekk. Foto: Ole-Johnny Lise
Det er breforskar Atle Nesje ved Universitetet i Bergen som har rekna ut dette.
Briksdalsbreen vaks kraftig på nittitalet og var på sitt største i 1997.
Kjem til å vekse att
Etter det har han minka. Frå 2003 til 2004 trekte breen seg så mykje som 130 meter tilbake. Frå 2004 til i år er breen blitt berre 12 meter kortare. Med andre ord har nedsmeltinga blitt mindre. Sist vinter kom det 13 meter nynsø oppe på breen. Denne snømengda vil etter ei tid tvinge bretungene framover att, og Nesje trur det kan føre til at Briksdalsbreen vil vekse att om to-tre år.