Hopp til innhold

Kontrollerte fleire – melde færre til politiet

Framleis blir det funne for mange feil i tungbil-kontrollane, meiner Statens vegvesen.

Kontrollør Svein Ove Salt.

JAKTAR FEIL: Kontrollør Svein Ove Salt har fullt fokus når tungbilane rullar inn på vekta på stasjonen i Førde.

Foto: Magnus Vattekar Sandvoll / NRK

I fjor trilla nesten 700.000 tungbilar innom utekontrollane til Statens vegvesen.

Av dei vart 96.000 henta inn til ein grundigare sjekk. På fleire enn anna kvar av desse fann Vegvesenet feil.

– Det er viktig for alle som ferdast på vegane at både tungbilar og personbilar er trafikksikre og kontrollane har veldig god effekt, seier Kjell Olafsrud i Noregs lastebileigar-forbund.

NRK forklarer

Dette er kontrollane

Dette er kontrollane

Slik kontrollerer dei sjåførane

Nesten 700.000 svinga innom kontrollane til Vegvesenet i fjor.

Kven som skal bli kontrollert grundig blir vurdert både av ein rask sjekk, men også av eit lyssystem som markerer sjåførar som grøne, gule eller raude.

NB! Bildet er manipulert. Trafikklys kor alle tre lysa viser raudt. Kaos. Anarki. Rødt lys overalt. Forundring. Umogleg forbod. Stopp. Forvirring. Uventa. Ulogisk. Negativt. Pessimisme. Pessimist. Uvirkelig. Ingen utvei. Synsbedrag. Å sjå syner. Angst. Uønskt overformynderi. FOTO: SCANPIX
Dette er kontrollane

Raudt lys

Nokre få sjåførar som ofte bryt reglane blir markert med raudt lys. Dei må alltid innom grundig kontroll.

Dette kan gjelde brot som å køyre for lenge utan kvile eller å bevisst køyre med ein bil i dårleg stand.

Foto: Scanpix.

Oslo 20200309. DNB. Den norske Bank. Gult lys. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Dette er kontrollane

Gult lys

Ein del sjåførar har gult lys.

Dei har hatt nokre feil her og der, og vil ofte oppleve å bli kontrollert grundig.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB.

Grønt lys i bompassering
Dette er kontrollane

Grønt lys

Dei fleste sjåførar har grønt lys.

Dei har stort sett alt på stell, og vil sjeldan få grundig kontroll med mindre kontrollørane mistenker feil medan sjåføren trillar gjennom vegstasjonen.

Foto: Vegard Wivestad / NTB scanpix.

1500 kvilte for lite

Sjølv om Vegvesenet kontrollerte 10.000 fleire tungbilar i 2024 enn året før, vart færre melde til politiet.

Av 1500 tilfelle der kontrollørane såg seg nøydde til å melde sjåføren til politiet, gjaldt over 1000 av desse sjåførar som ikkje har fått seg nok kvile.

– Det er eit høgt tal, og derfor har vi den store innsatsen vi har.

Det er Kjetil Wigdel i Vegvesenet klar på.

Svein Ove Salt og ei frå politiet på kontroll, ho utfører promillekontroll.

Få sjåførar blir melde til politiet, her var dei med for å ta promillekontroll.

Foto: Magnus Vattekar Sandvoll / NRK

– Viktig system for å ta verstingane

– Det er jo greitt å bli kontrollert, det er ikkje alt vi sjekkar dagleg, seier lastebilsjåfør Gaute Porten Øen.

Kontrollørane oppdaga nemleg at Øen hadde ei sprokken bremseskive då han rulla inn på Førde trafikkstasjon.

Feil som denne er blant dei mest vanlege.

  • Kontroll ved Statens Vegvesen i Førde

    Kontrolløren ser at papira til sjåføren er i orden medan han er innom.

  • Gaute Porten og Terje Nygård ser på ei sprukken bremseskive.

    Kontrollørane fortel om godt samarbeid med sjåførane dei møter, her hjelper sjåføren å lyse slik at det er enklare å sjå problemet.

  • Sprukken bremseskive

    Ein bremseskiva på bilen til sjåfør Gaute Porten Øen var sprukken og han er pålagd å ta den inn til verkstad.

Transport & logistikkforbundet meiner kontrollane har gjort bransjen meir seriøs med åra.

Både dei og Norges Lastebileier-Forbund (NLF) erkjenner i at kontrollane er eit viktig verktøy for å fakke verstingane på vegen.

– Vi har ei klar oppfatning av at kvaliteten på alt som rører seg på vegane av både lastebilar og personbilar blir gradvis betre, seier Kjell Olafsrud i NLF.

Livsfarleg pynt

Ein av feila kontrollørane ofte tek tak i er overpynta frontruter.

Nokre sjåførar har vimplar i ruta, PC på dashbordet eller liknande, seier Wigdel i Statens vegvesen.

Bøffelhorn i frontruta

Svære bøffelhorn er blant feila Vegvesenet møter på.

Foto: Statens vegvesen

– Det er ikkje berre bagatellar, for blindsonene er store nok som dei er. I verste fall ser ikkje sjåføren ein syklist eller fotgjengar. Potensielt er dette veldig farleg.