50 MC-klubbar samla til jubileum

I helga fylte Høyangbjørn MC 35 år. Det har ikkje berre vore ein dans på roser, men ei fantastisk oppleving totalt sett, seier Andor Milde.

Høyangbjørn fyller 35 år denne helga, og 50 MC-klubbar var samla til fest.

Foto og redigering: Alf Vidar Snæland.

– Det har vore opp og ned. Eg har vore med sidan tidleg på 80-talet, og det har vore fantastisk. Denne årlege samlinga er unik moglegheit til å treffe MC-folk frå heile Noreg og utlandet, seier Milde.

For i tillegg til dei 29 medlemmane i Høyangbjørn MC, var motorsyklistar frå rundt 50 MC-klubbar til stades denne helga på festen på Norevikane i Høyanger.

– Seinsommar-partyet vårt er ope for alle. Vi har syklar her i alle kategoriar, og alle er hjarteleg velkomne, seier Milde.

Heile døgeret til Harley Davidson

Men Høyangbjørn MC køyrer Harley Davidson. Sjølvsagt.

– Eg kan nok tenke meg at Easy Rider, dei gamle filmane, er grunnen. Det blir ein livsstil, det er heilt klart. Du legg sjela, hobbyen og alt i det, seier Milde.

– For det går nokre timar når du er interessert i motorsyklar?

– For dei mest ihuga går heile døgeret utanom arbeidstida til Harley Davidson. Vi er ein stor gjeng, og ein fantastisk gjeng, med 29 medlemmar.

Vil vere med til han parkerer

Men om eit års tid kan dei vere 30 medlemmar.

– Vi har ein som er prospect. Det vile seie prøvetid for ein person som vil vere med. Vi treng tid til å verte kjend med han, og han må bli kjent med oss. Det tek i alle fall eitt år, seier Milde, som sjølv var prospect tidleg på 80-talet.

– Eg trur ikkje eg ville ha gjort ho om att; det var tøft, ler han.

– Korleis trur du dei neste 35 åra i klubben vil vere?

– Eg håpar det blir like moro som dei førre 35 åra. Eg håpar i alle fall å få vere med fram til eg parkerer.