Hopp til innhold

4500 burgarar mettar ivrige fotballspelarar i Sogn

SOGNDAL (NRK): For 27. gong blir indre Sogn denne helga nærast invadert av unge fotballspelarar. Svoltne er dei alle etter fotball frå morgon til kveld.

Over 3500 fotballspelarar er samla i Sogn denne helga.

SVOLTNE: Det er mange munnar å mette i Sogn denne helga. Over 3500 fotballspelarar i alderen 10 til 14 år deltek på Lerum cup.

Foto: Fotograf Christian Blom AS

– Dagens middag er heimelaga hamburgar, og eg trur det er laga kring 4500, seier cupsjefen Mikkel Frodahl.

Mikkel Frodahl er leiar for Lerum cup.

NØGD: - Så og seie alt har gått etter planen, konstanterer cupsjef Mikkel Frodahl.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Han står i spissen for den tradisjonsrike turneringa vart starta opp i 1989, men for han er det første året i leiarstolen. Med ein godt drilla dugnadsgjeng til å hjelpe seg er han framleis ved godt mot, når dag to i den tre dagar lange turneringa nærmar seg slutten. Å skipe til fotballcup for over 3500 fotballspelarar i alderen 10 til 14 år er ikkje berre enkelt.

– Det er nesten 800 kampar fordelt på 25 baner. Det er vanvitig med logistikk i høve baner og å transportere spelarane mellom banene, fortel han.

Rosar frivillige, foreldre og lagleiarar

Ei rekkje frivillige stiller på for å få alt til å gå på skjener. Dei unge fotballspelarane kjem frå Sogn og Fjordane, Sunnmøre og Hordaland, og mange lagleiarar og foreldre er også til Sogn.

Dei 3500 fotballspelarane går inn i kvar kamp med mål om å vinne.

DUELL: Med 800 fotballkampar på tre dagar blir det mange taklingar.

Foto: Fotograf Christian Blom AS

– Dommarane seier det har vore ekstremt lite problem med lagleiarar og foreldre og slikt. Kampane har vore prega av god stemning. Det er klart no byrjar det å drage seg til med cupspel. Då er det alltid litt nervar og tårer, det høyrer cupen til.

– Til no har det gått veldig bra. Dei fleste kampane er unnagjort for dagen, men no går vi over i cupspel og det byrjar å snøre seg til på sidelinja, seier cupgeneral, Mikkel Frodahl.

Laurdagens siste kamp går av stabelen først klokka 21.30, og kven som går sigrande ut av turneringa blir først avklara søndag etter klokka 17.

Fotballgleda er stor på bana.
Foto: Fotograf Christian Blom AS