Hopp til innhold

34 pasientar utskrivne frå Haukeland sjukehus

Sjukehusdirektør Eivind Hansen seier tiltaka som er sett i verk både lokalt og nasjonalt har vore svært viktige. Samtundes førebur sjukehuset seg på at fleire vil bli alvorleg sjuke.

Intensivsykepleiere, opplæring, Haukeland sjukehus, Helse Bergen, korona

OVER 30 UTSKRIVNE: Så langt er 34 pasientar som har vore innlagd med koronavirus blitt utskrivne frå Haukeland unversitetssjukehus.

Foto: Katrine Sunde / Haukeland Universitetssjukehus

Til no er 34 koronasmitta pasientar utskrivne frå Haukeland universitetssjukehus. Åtte pasientar har blitt utskrivne etter å ha fått intensivbehandling i Helse Vest.

Det kom fram på ein pressekonferanse på Haukeland universitetssjukehus i Bergen måndag.

Sjukehusdirektør Eivind Hansen starta pressebriefen med å slå fast at dei mange og inngripande tiltaka som styresmaktene har sett i verk, har gjort situasjonen handterleg for sjukehuset.

– Tiltaka ser ut til å ha fungert og har hatt stor betydning. Det at vi har klart å avgrense smitten og kor mange som kjem til intensivbehandling samtidig, har vore svært viktig, sa Hansen.

Også nasjonalt ser tala ut til å ha flata noko ut (ekstern lenke). Frå søndag til måndag auka det nasjonale talet på innlagde pasientar på norske sjukehus med berre fire pasientar, frå 317 til 321.

Til no har 32 personar døydd av koronaviruset i Noreg. Måndag i førre veke døydde ein eldre pasient som var innlagd ved Haukeland.

Kunne vore fem gongar fleire

Per måndag morgon fekk 15 pasientar respiratorbehandling på sjukehusa i Helse Vest, ifølgje seksjonsoverlege Stig Gjerde ved akuttklinikken på Haukeland.

– Pasientane på intensiv er krevjande og veldig dårlege pasientar. Vi har god kapasitet og har god kontroll på situasjonen, så lenge smittetalla ikkje aukar veldig, seier Gjerde.

Dersom det ikkje hadde blitt sett i verk tiltak, ville Helse Vest truleg hatt mellom 450 og 500 pasientar innlagd per no.

Stig Gjerde

KONTROLL: Seksjonsoverlege Stig Gjerde seier intensivpasientane er krevjande, men at sjukehuset så langt har god kontroll.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

– Samstundes har vi rigga oss for at det skal bli ein større tilstrøyming av pasientar som treng intensivbehandling, seier Hansen.

Mellom anna har sjukehuset gjort ein avtale med å ta i mot pasientar frå Haraldsplass dersom dei må ta i mot fleire intensivpasientar enn dei har kapasitet til.

Ta kontakt!

Har du ei oppleving eller sak du ønskjer å fortelje om? Send meg gjerne ein e-post!

Seks på intensiven

Per måndag er det 17 pasientar innlagd ved Haukeland universitetssjukehus. Seks personar får intensivbehandling. Fire av pasientane er vaksne mellom 18 og 64 år, medan to er definert som eldre over 65 år. Dette er ein svak auke frå før helga.

Ifølgje Gjerde er lungesvikt den viktigaste årsaka til at pasientane er innlagd på sjukehus. Blant pasientane som får intensivbehandling har fleire alvorleg lungesvikt, medan nokre har nyresvikt eller svikt i blodsirkulasjonen.

Sjukehuset kan førebels ikkje seie kor lenge pasientane vil trenge intensivbehandling.

Ved Haraldsplass diakonale sykehus er det per måndag fem innlagde med koronasmitte og ein pasient som får intensivbehandling.

Totalt er 45 personar innlagd med koronavirus i Helse Vest. 22 pasientar er innlagd i Bergen, to i Førde og ein på Voss.

I Haugesund er seks pasientar innlagd og to får intensivbehandling. I Stavanger ligg antallet stabilt på 11 innlagde.

Totalt antall innlagte pasienter Helse Vest

INNLEGGELSAR: Per måndag er det 45 personar innlagd med Covid-19 i Helse Vest. Haukeland universitetssjukehus meiner talet ville vore langt høgare om strenge tiltak ikkje hadde blitt iverksatt.

Foto: NRK Rogaland

Sjefen på Haraldsplass smitta

Ved Haraldsplass Diakonale sykehus er tre ansatte smitta. Ein av dei er administrerande direktør Kjerstin Fyllingen, ifølgje BT.

– Ho har god almenntilstand og lite symptom, seier overlege Jesper Blomquist.