Hopp til innhold

32.000 fiskar døydde i pilot-anlegg

Natt til tysdag 27. desember døydde nær all fisken i eit utviklingsanlegg i Florø. I alt dreier det som om 32.000 fisk, med snittvekt 1,5 kilo.

Havlandet RAS-anlegg (Resirkulerende Akvakultur System) er bygd for å skaffe kunnskap om teknologi og biologi i landbasert matfisk.

Selskapet skriv i ei melding at ulykka «står fram som ei hydrogensulfid-forgifting».

Hydrogensulfid er ein fargelaus, irriterande og systemtoksisk gass med ei karakteristisk lukt av «ròtne egg».

Gassen blir danna ved bakteriell nedbryting av organisk materiale, og kan finnast i kloakk, gjødsel og i fiskebåtar der fisk ikkje blir lagra i kjølerom.

– Dette pregar dei tilsette som kvar dag arbeider for god fiskevelferd, seier Beate Grønnevik, som er konstituert direktør i selskapet.

Ho legg til:

– Det er enno for tidleg å konkludere på eksakt kva som forårsaka denne hendinga. Når konklusjonen ligg føre vil dette blir gjort offentleg kjent slik at fleire enn Havlandet kan lære frå hendinga.