Hopp til innhold

30 brannmenn har sagt opp jobbane sine i ny kommune

Dei vaktar delar av E39, hovudvegen mellom Bergen og Trondheim. No seier dei opp jobbane sine i frykt for å ikkje rekke fram når neste ulukke skjer.

Brannmann i Gaular. 
Tommy Nyland i front og Geir Foss bak i biletet.
Foto: Ingeborg Kløve-Graue / NRK

NRK skreiv i førre veke om brannmannskapet i gamle Jølster kommune som seier opp etter eit nytt kommunalt vedtak om brannvern.

No følger 12 av 15 brannmenn i gamle Gaular kommune etter. Det fører til at Sunnfjord kommune mistar totalt 30 brannmenn og fleire tiår med erfaring og kompetanse.

– Dette har ikkje vore noko lett avgjerd, men me kan ikkje jobba med denne bemanninga som den nye brannordninga gjer oss, seier Kristian Aas Kyrkjebø.

Det er særleg uro knytt til bemanning på dagtid og dårlege vaktordningar i høgtider som jul og påske. Dei får også berre 2 timar i månaden til å trene på prosedyrar og utrykking.

– For meg rant begeret over då eg forstod me skulle stå endå ei høgtid utan vakt i Gaular området, seier Geir Foss.

Dei fortel at dei med den nye ordninga kan oppleve at berre ein brannmann møter på alarm og i verste fall ingen, og då vil hjelpa vere langt vekke.

Vil verne om lokalsamfunnet

Dei understrekar at dei ikkje har noko økonomisk motiv for å stå i stillingane og at dei alle er frivillige brannmenn med 1,03 prosent stilling.

Dei er alle brannmenn fordi dei ynskjer å ta vare på lokalsamfunnet og sikre god beredskap for innbyggarane i Gaular området.

Dei opplever å allereie ha ei minimumsbemmaning og fortel at dei hadde tatt same avgjerd om gamle Gaular kommune hadde vald å nedbemmane.

– Me er skuffa over Sunnfjord kommune og har ikkje blitt møtt på nokon av krava våre, fortel dei.

Brannmenn i Gaular.
Frå venstre Geir Foss, Kristian Aas Kyrkjebø og Tommy Nyland.

LANG FARTSTID: Alle dei tilsette i Gaular har land og god erfaring. Kommunen kjem til å miste fleire tiår med kompetanse når dei sluttar.

Foto: Ingeborg Kløve-Graue / NRK

Eit år med kartlegging

Både brannmannskapet i Gaular og Jølster har prøvd å melda frå til leiinga i kommunen fleire gonger, men opplever å ikkje bli høyrd.

Det nye vedtaket kjem av kommunesammenslåinga mellom Førde, Jølster, Naustdal og Gaular.

Eit konsulentselskap står bak rapporten som vart grunnlaget for vedtaket.

I tillegg var fleire hovudtillitsvalde i ulike fagforeiningar, brannsjef og hovudverneombod i kommunen involvert.

– At brannmannskapa ikkje har fått medverke til vedtaket stemmer ikkje, hevdar Janne Fugle, hovudtillitsvald i Fagforbundet.

Ho trur misnøya kjem frå kulturforskjellar i dei gamle kommunane og ei ulik forståing av roller.

Trur beredskapen blir betre

Kommunedirektør Ole John Østenstad i Sunnfjord kommune trur den nye brannordninga vil føre til betre beredskap i Sunnfjord kommune.

Han seier denne situasjonen er krevjande og eigentleg noko overraskande.

Kommunedirektøren seier dei har hatt tett dialog med dei hovudtillitsvalde gjennom prosessen, men at leiinga ikkje har hatt moglegheit til å snakke med kvart enkelt brannmannskap.

– At dei ikkje føler seg sett kan eg forstå og det må me bli betre på, seier Østenstad.

Som å spele lotto med beredskapen

Brannmannskapa i Førde og Naustdal skriv i eit brev til NRK at dei har stor forståing for at kollegaene vel å sei opp.

– Her har leiinga, administrasjonen og politikarane spelt lotto med beredskapen i Sunnfjord kommune, skriv dei.

Dei er einige i at den nye brannordninga fører til stor usikkerheit knytt til bemanning og oppmøte ved alarm.

Brannmannskapet i Gaular vel no å slutte då dei ser at den nye brannordninga ikkje berre vil gå utover deira eiga sikkerheit, men også alle som bur i området.

– Å gå med den angsten for å bli ståande heilt åleine i krevjande situasjonar, det orkar eg rett og slett ikkje lenger, seier brannmann Tommy Nyland.

– Dette er ikkje godt nok for oss eller innbyggjarane i Gaular, seier dei alle.