Hopp til innhold

Alle brannfolka i Jølster har sagt opp stillingane sine

Brannmannskapet i gamle Jølster kommune er uroa for beredskap og arbeidssituasjonen for eigne tilsette. No har 18 personar sagt opp i protest.

Heile Jølster brannvesen seier opp 
Stig Tveit (t.v.) og Norodd Støfring.

HAR SAGT OPP: Stig Tveit (t.v.), Norodd Støfring og dei andre i brannmannskapa på Skei og Vassenden seier opp stillingane sine.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Det har vore tungt for mange. Ein kjenner på dilemmaet som ligg i å seie opp ei slik stilling og ansvaret ein kjenner for å hjelpe til. Men no var det ingen annan utveg, seier Stig Tveit, tillitsvald for brannmannskapa i Jølster.

Torsdag vedtok politikarane i Sunnfjord kommune å samordne brannberedskapen i storkommunen. Det betyr mellom anna færre tilsette i dei tidlegare kommunane Jølster og Gaular, og fleire tilsette i Førde.

Brannmannskapa i Jølster har tidlegare uttrykt uro for beredskapen i utkantane av kommunen.

No vel 18 personar å seie opp stillingane sine.

– Samla sett er dette ei svekking av både beredskap og tryggleiken for mannskapa, seier Tveit.

Frå Sandal mot Skei i Jølster.

BRANNMANNSKAP SEIER OPP: 18 personar i brannmannskapa på Skei og Vassenden seier opp jobben.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Uroa for beredskapen i Gaular

Per Otto Selstad har nær 40 år erfaring frå brannvesenet i Gaular, mellom anna som varabrannsjef og stasjonsmeister på brannstasjonen på Sande.

Han er kritisk til at kommunestyret vil kutte fire deltidsstillingar på kvar av stasjonane på Sande og i Jølster.

– Vi i utkantane er svekt når talet brannmannskap blir redusert. Eg trur innbyggjarane i Gaular får ei mykje dårlegare teneste, seier Selstad.

Han har forståing for at brannmannskapa i Jølster vel å seie opp.

Olve Grotle utanfor Sunnfjord rådhus

FAGLEGE VURDERINGAR: Sunnfjord-ordførar Olve Grotle (H) seier kommunestyret har gjort vedtak basert på faglege rapportar og vurderingar frå administrasjonen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Synest det er leit

– Eg skulle ønske dei ville vere med vidare i brann- og redningstenesta vår. Eg trur vi med vedtaket i kommunestyret får ei god brannordning, seier kommunedirektør Ole John Østenstad i Sunnfjord kommune.

Han viser til at vedtaket er basert på råd frå eksterne konsulentar, brannsjef, kommunalsjef og kommunedirektør.

– Eksterne meiner det blir ei god ordning. Tek dei som jobbar med det i kvardagen feil?

– Det har eg ikkje kommentar til. Poenget er at kommunestyret etter råd frå kommunedirektør har sagt at ein skal ha den brannordninga som kom frå konsulentane. Då er det vi som må ta vurderinga om det er tilstrekkeleg eller ikkje.

Kommunedirektøren seier dei no må få betre oversikt over situasjonen og jobbe for å sikre beredskapen vidare framover. Med tre månader oppseiingstid vil brannmannskapa i Jølster vere ute av teneste i slutten av juni.

– Vi kjem til å gjere alt vi kan for å få rekruttere inn og utnytte mannskapa som er igjen for at det ikkje skal gå utover beredskapen meir enn nødvendig. Men viss heile styrken i Jølster seier opp vil det vere ei utfordring ein periode framover, seier Østenstad.

Basert på faglege rapportar

Også Sunnfjord-ordførar Olve Grotle (H) viser til at kommunestyret har gjort vedtak basert på faglege rapportar og vurderingar frå administrasjonen.

– Brannmannskap i Jølster og tidlegare varabrannsjef i Gaular er uroa for beredskap i utkantane. Har dei grunn til det?

– Kommunestyret har gjort vedtak basert på faglege rapportar og vurderingar frå administrasjonen. Når vi bygger på det legg vi til grunn at vi får ei god og forsvarleg brannordning i heile kommunen, seier Grotle.

– Er det aktuelt å sjå på dette igjen?

– Eg tenkjer vedtaket som er gjort står, og håpar at ein ved gjennomføringa av dette kan få ro i rekkene og finne ut av det på ein måte som gjer at ein ikkje mister dyktige brannfolk.