Hopp til innhold

26 tatt i narkorazzia under Ekstremsportveko

Politiet har beslaglagt over to kilo narkotika og 1800 tablettar av ulike typar narkotiske stoff. Fire personar er varetektsfengsla i fire veker etter beslaga.

Beslag

RAZZIA: Politiet fant også våpen då dei gjekk til aksjon under Ekstremsportveko på Voss.

Foto: Politiet

Politiet på Voss har i samarbeid med Hordaland politidistrikt og Oslo politidistrikt, gjennomført ein stor narkoaksjon under Ekstremsportveko på Voss.

26 personar er arresterte etter aksjonen. Fire av desse vart fremstilt for varektektsfengsling i Bergen i dag, og alle er no varektektsfengsla i fire veker.

– Er urovekkande

– Det er skremmande at det er så mykje stoff i omløp. Det er stor grunn til uro, seier lensmann på Voss, Ivar Hellene.

I tillegg er det konfiskert to våpen. Dei involverte vart arresterte på festivalområdet og i private bustadar. Dei fleste er i alderen 20 til 30 år.

– Blant beslaga er hasj, marijuana, amfetamin, kokain og ecstasy. Det er beslaglagt totalt 1800 narkotiske tablettar.

Ivar Hellene, lensmann på Voss

Lensmann i Voss lensmannsdistrikt, Ivar Hellene, seier dei har gjort det største beslaget under Ekstremsportveko nokon gong.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Beslaga er gjort både på festivalområdet og i private bustader.

– Dei arresterte er både bygdefolk, festivaldeltakarar og utøvarar. Me har aldri hatt eit så stort beslag under ekstremsportveko nokon gong, opplyser Hellene.

Ekstra midlar

Lensmannen på Voss søkte sentralt i politiet om å få ekstra midlar til å gjere aksjonen.

Vi har søkt om midlar frå politiet sentralt for å kunne ha større tyngde i aksjonen enn vanleg, seier Hellene.

Han seier dei har gjort aksjonar kvart år på ekstremsportveka dei siste åra.

– Og vi gjer alltid beslag.

– Bakgrunnen for aksjonen kan eg ikkje uttala meg om. Men me har eit samarbeid med Oslo og Bergen.

–Trist for «veko»

Dagleg leiar for Ekstremsportveko, Sofie Torlei Olsen, seier dei ikkje ønskjer narkotika på festivalen og vil ikkje bli assosiert med dette.

– Det er veldig synd at det skjer på Ekstremsportveko, men me har hatt tett dialog med politiet i år, og me visste at dei kom til å gjera ein større aksjon.

Ho meiner det er viktig å få fram at narkotikabruk ikkje er vanleg på festivalen.

– Det er dumt at desse som blir tatt skal skapa eit dårleg rykte for resten av deltakaren på festivalen. Dei fleste driv ikkje med dette, seier Olsen.

Ordførar på Voss, Hans-Erik Ringkjøp, seier kommunen og festivalleiinga no har ein felles kamp som må takast for at ikkje narkotikabruk skal prega festivalopplevinga

– Me ønskjer ikkje å ha detta på CV-en til Voss, for å sei det slik. Det er synd viss det er dette inntrykket som skal stå igjen etter «veko», fortel Ringkjøp.