Hopp til innhold

2500 togpassasjerar må venta

– Men det er ingen vits i å bli sur, vi er jo på tur, seier venninnene Marit Gledisch og Mette Johnsen og hunden Birk som venta fåfengt på toget frå Bergen.

Det var søndag ettermiddag at eit ras stansa Bergensbanen på veg frå Oslo til Bergen. I tillegg skapte lokale problem med naudsambandet full stans i all togtrafikk frå Bergen.

– Hæ, er det noko som ikkje går som det skal? Det visste eg ikkje, så det kunne vore greitt med litt informasjon, seier Simone Erstad.

Simone Erstad

KORTARE PERM: Simone Erstad ante ingenting om at ikkje togtrafikken gjekk som normalt, då ho måndag føremiddag troppa opp på togstasjonen for å reise heim til Oslo og blei møtt med kaos og full stans i alle avgangar.

Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

Ho skulle etter planen heim til mor og far på eit par dagars etterlengta perm frå militæret, og visste ingenting om verken ras eller tekniske vanskar på toglinjene.

– Men eg håpar verkeleg at det ikkje tar altfor lang tid, eg må vere tilbake på plass alt på onsdag.

Kaotisk start på haustferien

Med haustferie og fri for mange på Vestlandet, var det ikkje den beste dagen for NSB å måtte setje inn buss for tog på heile strekninga Bergen – Oslo.

Totalt er 1500 passasjerar råka måndag og ytterlegare 1000 tysdag, opplyser NSB til NRK.no.

Etter det NRK kjenner til, kan det ta fleire veker før Bergensbanen igjen kan opna.

Venninnene Marit Gledisch og Mette Johnsen var likevel ved godt mot då NRK.no møtte dei i regnet.

Glade togpassasjerar med buss for tog

INGEN GRUNN TIL Å DEPPE: Med godt humør kjem ein langt, meinte venninnene Marit Gledisch, Mette Johnson og hunden Birk, som måtte utsetja starten på haustferien eit par timar.

Foto: Eli Fossdal Vaage / NRK

– Det er ingen vits i å bli sur! Dette kan jo ingen hjelpe for. Vi er på tur, så da er vi i godt humør.

Også hunden Birk, som saman med dei to venninnene akkurat no gjerne skulle sete og nytt utsikta på veg til hytta på Ustaoset, såg ut til å ta det heile med fatning.

– No fekk vi nettopp melding om at det blei buss heile vegen, så då får vi berre vere glade for det. Det går greitt, dette må vi kunne ta med godt humør. Vi er trass alt på tur!

Ifølgje NSB vil det bli store forseinkingar i togtrafikken utover dagen, og ein må rekna med eit par timar ekstra dersom ein skal reisa med Bergensbanen.