Hopp til innhold

Kommunar droppar bøssebæring – kring 300.000 får ikkje TV-aksjonen på besøk

25 kommunar vil i år vere «heildigitale» og droppar bøssebering. Det taper TV-aksjonen millionar av kroner på.

Bøssebærer Erna Solberg

INGEN BØSSER: Fleire kommunar vel vekk dei tradisjonsrike bøssene til TV-aksjonen. På bilete: Erna Solberg samlar inn pengar til Regnskogsfondet.

Foto: Vidar Ruud / NTB

På søndag bankar kring 100.000 bøssebærarar på dører landet rundt for å samle inn pengar til årets TV-aksjon og Legar utan grenser.

Men hundretusenvis av folk kjem ikkje til å få besøk.

Til saman skal 25 kommunar vere «heildigitale» i årets TV-aksjon.

For nesten 300.000 innbyggjarar i desse kommunane er det altså ingen bøsser å legge pengar på.

Møte mellom menneske

– Eg er litt ambivalent. Det største ønsket vårt er at vi har fysiske bøssebærarar, seier Marte Eggum, som er fylkesleiar for TV-aksjonen i Vestland.

I 2020 var heile TV-aksjonen heildigital på grunn av korona.

Ettersom kvar bøssebærar i snitt samlar inn 1.200 kroner, betydde det ein «inntektssvikt» på om lag 90 millionar kroner.

Men sjølve innsamlinga er berre ein del av det, forklarar Eggum. I tillegg har bøssene ein fysisk og symbolsk funksjon.

– Det handlar om møtet mellom menneske, seier ho.

Marte Eggum med t-skjorte for TV-aksjonen 2022

Fylkesleiar Marte Eggum for TV-aksjonen i Vestland vil helst at kommunane går med bøsser.

Foto: Privat

Fredrikstad med over 80.000 innbyggarar er den største kommunen i landet som er heildigital.

Varaordførar og aksjonsleiar Atle Ottesen (Ap) seier dei ikkje fekk inn mindre pengar i fjor, enn tidlegare år med fysiske bøsser.

– Vi hadde gode erfaringar med den digitale løysinga i fjor. Og skulane, som er basis for innsamlinga vår, ønska å halde fram med det.

I tillegg er det ei rekkje kommunar som har såkalla hybrid-løysingar med både fysiske og digitale bøsser.

Men det betyr ofte at ingen går dør-til-dør.

Atle Ottesen held opp plakaten «Sammen redder vi liv»

Fredrikstad er største heildigitale kommunen i landet. Varaordførar og lokal aksjonsleiar Atle Ottesen vil at innbyggjarane hans skal vipse.

Foto: Fredrikstad kommune

Heller bøssekafé enn heimebesøk

Sunnfjord er blant kommunane som i år vel vekk heimebesøk.

– Det var ein viss skepsis i komiteen til å ha ein fullskala innsamling, seier ordførar og lokal aksjonsleiar Jenny Følling (Sp).

Ho viser til at pandemien har sett praksisen på vent, og at dei ville måtte gå opp nye ruter i det som er ein ny kommune (etter samanslåing).

Vidare peikar ho på at dei har andre aktivitetar.

– Vi ville i staden ha bøssekaféar på kjøpesenter og andre samlingsstadar. Då står medlemmane i kommunestyret med bøsser.

TV-aksjonskomiteen 2022 i Sunnfjord med raude t-skjorter og henda i vêret.

I sommar strekte aksjonskomiteen i Sunnfjord hendene i vêret. Frå venstre Fylkeskoordinator Kari-Anne Kirsebom Strandman, Jenny Følling (leiar), Ivar Svensøy, Anne Lilleaasen, Atle Hamar og Håkon Myrvang.

Foto: Sunnfjord kommune

– Dårleg resultat utan bøsser

I nabokommunen Kinn er dei tvert om glade for å kunne gå med bøsser igjen.

Det fortel nestleiar Edvard Iversen (V) for aksjonskomiteen i Kinn.

– I fjor gjekk vi berre med bøsser på institusjonane og var elles digitale på grunn av pandemien. Då fekk vi eit veldig dårleg resultat. Eg har veldig god tru på at vi får eit betre resultat ved å gå dør-til-dør.

Edvard Iversen, Aktiv Raudeberg

I Kinn kommune er lokalaksjonsleiar Edvard Iversen glad for å endeleg kunne gå på dørbesøk igjen etter to heildigitale år.

Foto: Ole Heilevang / NRK

– Kva synest du om at nokre kommunar held fram med å vere heildigitale?

– Det synest eg ikkje noko om.

– Naboane dykkar i Sunnfjord skal ikkje gå dør-til-dør. Kva synest du om det?

– Det vil eg ikkje anbefale i det heile tatt. Eg vil anbefale dei å samle seg no og gå ut på dørene til folk, seier Iversen i Kinn.

Til det svarer Følling i Sunnfjord:

– Vi prøver ut noko nytt i år, og ser om det fungerer.

Born og eldre gler seg

Marte Eggum i TV-aksjonen understrekar at du ikkje treng kontantar for å gje til bøssa som kjem på døra.

Kvar bøsse har sin eigen QR-kode du kan vipse til.

– Dette er ei stor hending for born som får gå med foreldra sine og gjere ein innsats for noko som er større enn dei sjølve. Og mange eldre gler seg til at det bankar på døra frå TV-aksjonen.

Marte Eggum og Lindis Hurum smiler med t-skjorte frå TV-aksjonen 2022

Marte Eggum (til venstre) leiar arbeidet i Vestland med å samle inn pengar til Legar utan grenser og generalsekretær Lindis Hurum.

Foto: Privat