Hopp til innhold

24 helsetilsette mista autorisasjon

24 tilsette i helsesektoren i Sogn og Fjordane har gjennom åra blitt fråtekne autorisasjonen.

Illustrasjonsbilde fra sykehuskorridor.

MISTA AUTORISASJON: Til saman 24 helsetilsette i Sogn og Fjordane har opp gjennom åra mista autorisasjonen.

Foto: Ill.foto:Eirill Wiik, Wiik, Eirill / Scanpix

Fylkeslege Per Stensland seier det er tre hovudgrunnar til at helsepersonell mistar godkjenninga til å utøve yrket sitt.

- Det mest vanlege er rus og utidig oppførsel av forskjellig art. Mellom anna inneber det seksuell utnytting av pasientar, i tillegg kjem alvorleg sjukdom, seier Stensland.

Nesten dobbelt så mange som i Aust-Agder

Per Stensland

SMÅ TAL: Fylkeslege Per Stensland seier det er viktig at farleg helsepersonell vert teke ut av teneste.

Foto: Privat

Helsetilsynet sin statistikk viser at 24 personar har mista autorisasjonen i Sogn og Fjordane. Det er nesten dobbelt så mange som i Aust-Agder, eit fylke med nesten like mange innbyggjarar.

Stensland meiner tala er så små at fylkesvise skilnader er vanskelege å forklare.

- Når ein deler dette ned på fylkesnivå, så er forskjellane for små til å seie noko fornuftig om det, seier Stensland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oddgeir Lunde

FOR MYKJE: Oddgeir Lunde i Sjuepleiarforbundet meiner tala er små, men seier samtidig at eitt tilfelle, er eitt for mykje.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Flest sjukepleiarar

Ifølgje statistikken frå Helsetilsynet er det både legar, hjelpepleiarar, psykolog, omsorgsarbeidar og fysioterapeutar som har mista autorisasjon for å arbeide i helsevesenet.

Den største gruppa er likevel sjukepleiarar – i alt har ti sjukepleiarar mista autorisasjonen.

- Isolert sett så er det positivt at talet er lite, men helst skulle vi sett at ingen hadde mista autorisasjonen, seier Oddgeir Lunde som er fylkesleiar i sjukepleiarforbundet.

Han viser til at sjukepleiarar er den største yrkesgruppa innan helsesektoren, men poengterer likevel at eitt tilfelle, er eitt for mykje.

- Dette er viktig

Også fylkeslegen meiner talet er lite.

- Samtidig er det veldig viktig at farleg helsepersonell vert teke ut av teneste, seier Stensland.