Hopp til innhold

Vårkolleksjonen gjekk opp i røyk – 23 personar evakuerte frå brann i bygård

BERGEN SENTRUM (NRK): Varelageret til Gant-butikken blei totalskadd og varer for minst to millionar gjekk tapt då det braut ut brann i kjellaren. 23 personar blei evakuerte frå sentrumsbygård.

Gant-varer ligg på gata etter brann i butikken i Strandgaten i Bergen

GJEKK OPP I RØYK: Måndag føremiddag ligg klesplagg i dungar utanfor Gant-butikken i Strandageten. Det som ikkje har brunne, er truleg øydelagd av den kraftige røyken.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Like over klokka 06 måndag morgon blei det meldt om kraftig røykutvikling frå eit butikklokale i Strandgaten i Bergen.

Kraftig røyk velta ut frå lokala til den eksklusive klesbutikken Gant i Strandgaten 19.

Some-video. Gant-butikken påført tap i millionklassen etter at det brant i varelageret i kjelleren.

BRANN I BUTIKK: Gant-butikken blei påført tap i millionklassen etter at det brann i varelageret i Strandgaten 19.

Vurderte evakuering via stigebil

– Det var ingen opne flammar å sjå då me kom fram, men det var kraftig røyk. Personane i dei øvre etasjane fekk tidleg beskjed via vindauga at dei skulle halda seg i ro, seier brannvesenet sin innsatsleiar Trond Totland.

Brannvesenet gjorde klar stigebil, fordi trappegangen i bygget var full av røyk. Etter å ha fått ventilert vekk røyken, konkluderte brannvesenet at det var trygt nok å evakuera bebuarane ned etasjane.

– Hadde me ikkje kunne nytta trappegangen, hadde me henta dei ut med stigebilen, seier Totland.

Brann Strandgaten Bergen

KRAFTIG RØYK: Det var kraftig røyk og sterk svilukt i Strandgaten.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Vårkolleksjonen opp i røyk

Dagleg leiar i Gant Retail AS, Svein Inge Sølvik, seier skadane på varelageret i Gant-butikken er omfattande.

– Mest truleg er også kjellaretasjen sterkt skadd. Butikklokala veit me enno ikkje status på, me håpar at det ikkje er snakk om totalskade, seier Sølvik til NRK.

Måndag føremiddag ligg Gant-varer samla i dungar utanfor butikken. Fleire av plagga har brannskadar. Det meste er uansett øydelagd på grunn av den kraftige røyken.

– Me er i ein periode der me har hatt sal, slik at omsetnaden ut av butikken har vore høg. Men samstundes har me fått nye varer inn. Ein ganske stor del av vårkolleksjonen var bestilt til butikken. Den må vel vurderast som tapt, konkluderer Sølvik.

Brannvesenet sleit lenge med å finna kjelda til brannen, som blei meldt via ein alarm knytt til eit vektarfirma.

– Eg blei vekt av alarmselskapet som sa det var røykutvikling i kjellaren, seier Leni Osa Strindberg, dagleg leiar i klesbutikken Lenis AS, som ligg vegg i vegg med Gant-butikken.

Store skader i klesbutikken Lenis etter brann i Strandgaten

TAPT: Styreleiar Gert Strindberg og dagleg leiar Leni Osa Strindberg i klesbutikken Lenis AS anslår at alle varene i klesbutikken er tapt.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Butikkeigar kom til med husnøkkel

Då NRK var på staden like før 06.30, jobba fleire brannfolk med å slå inn vegger på utsida av butikklokala medan kraftig røyk strøyma ut frå butikkdørene.

Medeigar og ektemann Gert Strindberg kasta seg i bilen og fekk hjelpt brannvesenet med å låsa opp bygget. Først då kunne røykdykkarar ta seg inn.

Også Leni hadde varelager i kjellaren. Butikken har vore open i knapt eit år, og hadde nettopp fått på plass vår- og sommarkolleksjonen.

Ifølge skadefirmaet er truleg alle varene i butikken øydelagde.

– Me hadde nettopp kjøpt inn varer til vårkolleksjonen. No blir det nok ei litt tøff tid framover, for kleda blei bestilt eit halvt år i førevegen, seier Gert Strindberg.

– Me hadde gjort alt klart for den nye kolleksjonen. No er det nok berre til å bretta opp ermene og byrja på nytt att, seier Leni Osa Strindberg.

Gant-butikken i Strandageten i Bergen skadet etter brann

SLO SEG INN: Brannvesenet slo seg inn i Gant-butikken, men kom til fleire låste dører. Butikkeigaren i nabobutikken ilte til med nøkkel.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Anslår milliontap

Svein Inge Sølvik i Gant Retail estimerer innkjøpsverdien på varelageret til rundt to millionar kroner.

– Det er snakk om anslagsvis to millionar i inn-kroner. Men det er også skader på datautstyr og andre komponentar i kjellaren.

Brannen blei meldt sløkt klokka 07.07. Framleis var det mykje røyk som måtte ventilerast vekk, melder 110-sentralen. Mest truleg stammar brannen frå ein elektrisk feil i kjellaren, opplyser brannvesenet.

Brannårsaka veit ikkje Sølvik meir om. Resten av dagen går truleg med til telefonkontakt med forsikringsselskap.

– Akkurat no er eg mest glad for at det ikkje har skjedd noko med folk. Alt anna blir litt sekundært. Målet er å få opp igjen butikken vår på kortast mogleg tid, fortel Gant-sjefen.

Brann i Strandagaten i Bergen

STORE STYRKER: Seks brannbilar rykte ut etter det som først var ei melding om ein automatisk brannalarm.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK