Hopp til innhold

Til kamp mot kutt i eigedomsskatten

Ilandføringskommunane mobiliserer til kamp mot kutt i eigedomsskatten som den nye regjeringa har tatt til orde for.

Bernhard Riksfjord

Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord (Ap) synest ikkje noko om at den nye regjeringa kan gjere slik at Aukra taper 70 prosent av inntektene frå eigedomsskatten.

Foto: Gunnar Sandvik

I regjeringsplattforma har Høgre og Frp varsla fritak for eigedomsskatt på visse typer maskinar og anlegg – mellom anna ilandføringsanlegget Ormen Lange i Aukra.

Dermed mistar Aukra 70 prosent av inntektene frå eigedomsskatten.

Ordførar Bernard Riksfjord (Ap) er førebudd på ein seig kamp.

– Det er som i fotball, det kan bli nokre ekstraomgangar og kanskje til og med straffespark, men eg trur fornufta vil vinne fram.

– Store konsekvensar

Med skatteinntektene frå Ormen Lange har framtida sett roseraud ut for Aukra kommune.

Pengane har også dryssa på andre regionale prosjekt, blant anna ei bru som skal knyte Aukra til den planlagde Møreaksen. Men Høgre og Frp si regjeringserklæring skaper problem.

Der heiter det:

«Regjeringen vil frita fastmonterte ikke-integrerte maskiner frå eiendomsskatt i industrianlegg. Dette gjelder ikke kraftanlegg.»

Men det gjeld Ormen Lange på Aukra, og det kan få store konsekvensar, seier ordføraren.

– Om ei regjering vil fjerne dette, så er det mange gode som vil forsvinne. I verste fall kan vi sjå langt etter brua som skal knyte Aukra til Møreaksen.

Mobiliserer

Også under den førre regjeringa kom dette forslaget opp, men det blei lagt i ei skuff.

Aukra er ikkje åleine – ein rekkje kommunar vil misse inntekter. No blir det mobilisert og Aukra-ordføraren har ikkje tenkt å tape.

– Ilandføringskommunane trur det er betre at desse pengane kjem kommunane til gode enn dei store internasjonale konserna, seier Riksfjord.