Hopp til innhold

21 mister jobben hos 1881

21 av 52 tilsette ved Opplysningen 1881 i Lærdal mister jobbane sine. Dei tilsette fekk beskjeden på eit allmøte torsdag ettermiddag.

Opplysningen 1881 i Lærdal

1881 I LÆRDAL: Opplysningen 1881 i Lærdal kuttar halvparten av arbeidsstokken.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Årsaka til kutta er at Opplysningen 1881 har mindre pågang. Ifølgje styret kostar det også minst å seie opp dei tilsette i Lærdal. Dei tilsette reagerte med sorg og sinne på oppseiingane.

Lilly Kvamme

SKUFFA: Hovudtillitsvald og styremedlem Lilly Kvamme er svært skuffa over vedtaket.

Foto: Rune Bolstad

Hovudtillitsvald og styremedlem Lilly Kvamme måtte bittert erkjenne at tilsetterepresentantane kom til kort i styret.

– Vi er svært skuffa. No skjedde akkurat det vi hadde frykta. Vi har hatt ein nedgang i trafikken, men vi er usamde i at dei skulle kutte alt på ei avdeling, seier Kvamme.

Skuffa og lei seg

Som tillitsvald deltok Kvamme på styremøtet i Oslo i dag.

Dei tre tilsetterepresentantane i Opplysningen 1881 stemde i mot kuttforslaget, men resten av styret hadde fleirtal og bestemte dermed at arbeidsplassane skal leggast ned.

Plasstillitsvalt Anne Elin Tunsberg for El- og IT-forbundet i Lærdal er svært skuffa over beskjeden som kom i ettermiddag.

– Det er veldig urettferdig at det er vi i Lærdal som må ta støyten, når dei brukar vikarar og midlertidige tilsette på dei andre sentralene. No blir vi 31 tilsette igjen, men vi veit ikkje kva som vil skje seinare, seier Tunsberg.

– Korleis vart dette tatt imot av dei tilsette?

– Det har vore stor spenning på sentralen i dag. No når vi har fått beskjeden vi frykta, er folk veldig lei seg. Det er ei veldig tung steming akkurat no.

Fryktar nedlegging av heile avdelinga

Arne Sanden

TUNG DAG: Ordførar i Lærdal, Arne Sanden, seier det er ein tung dag i Lærdal.

Foto: Simon Solheim / NRK

Ordførar i Lærdal, Arne Sanden (Ap), tok også beskjeden svært tungt.

– Dett er ein veldig trist dag for lærdalssamfunnet. Men det var ikkje overraskande. Dette er ein dag vi har venta på med skrekk og gru, seier Sanden.

Arbeidsplassane har betydd mykje for Lærdal. Ifølgje Sanden er det spesielt vanskeleg sidan dei fleste av arbeidsplassane hos Opplysningen 1881 i Lærdal er kvinnearbeidsplassar.

– Dei manuelle opplysningstenestene går stadig nedover, og vi fryktar at det neste steget vil vere ei nedlegging av heile avdelinga i Lærdal, seier Sanden.