Hopp til innhold

Denne servicen slår du ikkje

Opplysningen 1881-tilsett tok tak - køyrde sjølv kunden 86 kilometer heim.

Ove Ingvar Feidje. Foto: Privat

LANG KØYRETUR: Ove Ingvar Feidje la ut på ein 86 kilometer lang køyretur for å hjelpe ein kunde. Foto: Privat

- Det verka som einaste måten å løyse det på. Det var eigentleg så enkelt som det, seier Ove Ingvar Feidje.

Det er Sogn Avis som torsdag fortel historia om uheldige Eirik Sønnerheim , som sist fredag vart ståande på ferjekaien på Fodnes - utan å komme seg heim til Aurland med offentleg transport.

Kom seg ikkje vidare

Sist veke hadde raset ved Gudvangen ført til ein del endringar i transportrutene. Ved Opplysningen 1881 fekk skuleeleven opplyst når han kunne rekne med at drosjen køyrde frå Sogndal - men det heile enda med at drosjen gjekk før Sønnerheim trudde.

Han fekk deretter vite gjennom Opplysningen 1881 at det skulle gå ein seinare buss. Men det viste seg at den ikkje korresponderte med anna transport vidare frå Fodnes.

Der vart Sønnerheim ståande fast. Då var gode råd dyre.

Løysinga vart lang køyretur

Ove Ingvar Feidje bestemte seg for å løyse situasjonen sjølv.

- Eleven stod fast på Fodnes, og det gjekk ikkje transport vidare til Aurland. Eg fann ut at dette var ein grei måte å ordne opp i dette på, seier Feidje til NRK Sogn og Fjordane.

- Sette pris på hjelpa

Etter at han var ferdig på jobb ved Opplysningen 1881-kontoret i Lærdal, sette han seg i bilen og henta Sønnerheim på ferjekaien. Deretter køyrde han eleven heim til Aurland.

Totalt er køyreturen er på 86 kilometer.

- Det verka som han sette veldig pris på hjelpa. Det gjer det jo ekstra kjekt, seier Feidje.

Har du andre gode historier om service utanom det vanlege? Send oss ein e-post på sfj@nrk.no.