Seifisket har vore sviktande i ein månad. Dersom det ikkje snur seg raskt, vil konsekvensen bli at opptil 200 tilsette ved Domstein sitt foredlingsanlegg for kvitfisk på Trollebø i Vågsøy blir permitterte i to veker. Det stadfestar administrerande direktør Bengt Gunnarson i Domstein Enghav. Men han presiserer at dette høgst usikkert, fordi fisket raskt kan snu.
Også silda sviktar
Gunnar Domstein. Arkiv©NRK
Og det er ikkje berre seien som gjer seg lite tilgjengeleg for trålarane i år. Også sildefisket har vore sviktande denne sesongen, seier administrerande direktør Gunnar Domstein i Domstein Pelagic.
– Det fisket som har vore til no, har vore dårleg både når det gjeld kvantitet og kvalitet. Det har ført til lågare aktivitet enn det vi hadde rekna med og budsjettert med. Men slik er vi vande med, og i går såg vi tendens til ei betring av situasjonen med meir og større sild på fisket ved Shetland, seier Gunnar Domstein.