Hopp til innhold

200 deltok på møte om omstridd fabrikk i Svelgen

Mellom 150–200 personar deltok på folkemøte om den omstridde ammoniakk- og hydrogenfabrikken som er planlagt på Holmaneset i Svelgen.

Det blei temperatur då planane til det australske selskapet Fortescue blei diskutert.

– Det blir sprengt vekk eit heilt nes og vi fryktar store utslepp frå ammoniakk og hydrogen, seier Frode Steinset som er leiar for folkeaksjonen mot fabrikkplanane.

Bremanger kommunen vil på si side vil ikkje ta noko standpunkt før all fakta er på bordet.

– Vi er ein kommune i fritt fall i folketal og er forplikta til å sjå på moglegheiter til vekst og utvikling, seier ordførar Anne Kristin Førde (Ap).

Amoniakkfabrikk
Foto: Arne Stubhaug / NRK