2 millionar til nynorskklassar

Bergen kommune skal i 2021 bruka 2 millionar kroner på parallellklassar i nynorsk, i følge budsjettavtalen. Det skal også brukast 500.000 til nynorske bøker i skulebibliotek, og 750.000 kr til Det vestnorske teaters prosjekt «Heime i nynorsken».