Hopp til innhold

18 nye smitta i Ulvik - forbyr besøk etter spreiing av mutert virus

Det er påvist 18 nye koronatilfeller i Ulvik i dag. Det er mistanke om at desse er smitta av det muterte viruset.

Smitteutbrot i Ulvik. Bilete av Ulvik omsorgstun

STENGT FOR BESØK: Ulvik herad tillèt ikkje besøk i heimane til folk, eller ved omsorgstunet. Det er påbod om bruk av munnbind og det er no berre matbutikkane som får halda opent.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Den vesle kommunen som kom seg igjennom 2020 med berre fire påviste tilfelle av korona, er no råka av eit større smitteutbrot med 18 nye smitta i dag. Det er då 28 smittetilfelle totalt i det pågåande smitteutbrotet i Ulvik.

Det er ikkje endeleg stadfesta at desse er smitta av det muterte viruset, men ordførar seier at det er mistanke om dette.

– Har de kontroll på smitteutbrotet?

– Vi har så god kontroll som vi kan ha i ein ein slik situasjon. Vi testar og driv smittesporing, og vi føler vi ligg godt an, seier ordførar Hans Petter Thorbjørnsen.

Fleire smitta knytta til skular på Voss

I ei pressemelding frå Voss herad tysdag kveld, blir det informert at tre av dei smitta i Ulvik kan knyttast til skular på Voss.

Det er snakk om vaksenopplæring på Voss Gymnas og Voss kulturhus. Det er mistenkt at det tredje tilfellet er knytt til ein elev på Voss vidaregåande skule.

I smittetilfellet knytta til Voss Gymnas er heile klassen til den smitta reikna som nærkontaktar.

Det same gjeld for elevgruppa til den smitta som er knytta til vaksenopplæring på Voss kulturhus.

Fleire av nærkontaktane har symptomar på covid-19.

Stadfesta fleire tilfelle av britisk mutant

Kriseleiinga i Ulvik herad var måndag kveld i møte med FHI, Helsedirektoratet og Statsforvaltaren for å drøfte situasjonen.

Då vart det melda om 10 personar som hadde testa positivt på få dagar. Over 200 personar skulle testast og vart sett i karantene.

Tysdag ettermiddag har kommunen fått endeleg svar på at det er den britiske koronamutasjonen som er årsaka til utbrotet i Ulvik, melder Bergens Tidende.

– Vi har fått bekrefta førebels fem tilfeller av mutert virus, av den britiske varianten, seier kommuneoverlege Unni Solem til NRK.

Ordførar Ulvik

STRENGE TILTAK: Ein femtedel av innbyggjarane til Ulvik-ordførar Hans Petter Thorbjørnsen er i karantene etter smitteutbrotet. Førebels har ti testa positivt.

Foto: Åge Algerøy / NRK Hordaland

Nye og strengare reglar

Ulvik har allereie stengt ned, men tysdag er det bestemt enno strengare smitteverntiltak i kommunen.

Mellom anna blir det forbode med besøk i eigen heim, skriv kommunen i ei pressemelding:

  • Det er ikkje tillate med besøk i eigen heim.
  • Berre matbutikkar kan halda ope og det skal vera avgrensa tal kundar i butikken. Matbutikkar må sørgje for at det ikkje er fleire til stades i lokalet enn at det kan haldast to meters avstand. Tillate tal kundar i lokalet skal reknast ut frå storleiken på lokalet. Det skal om naudsynt vera vakthald som sørgjer for at kravet vert følgt.
  • Serverings- og skjenkestader skal halda stengt. Take-away er tillate.
  • Det er ikkje tillate med besøk på omsorgstunet. Det vert gjort unntak ved bebuarar som er døyande. Direkte utvendig inngang til bebuar skal nyttast ved slikt besøk. Bruk av munnbind er eit krav ved 1-1-kontakt.
  • Besøksrestriksjonar på omsorgstunet vert vedteke og endra av kommunal kriseleiing.
Hardangerbrua

FØLGJER MED: Hardangerbrua er flittig i bruk for jobbpendlarar i indre Hardanger. No oppfordrar nabokommunane til heimekontor medan smitteutbrotet i Ulvik held på.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Politiet følgjer opp lovbrot

– Besøksforbodet er bestemt av rådmann og kommuneoverlege, og lagt inn som forskrift. Om innbyggjarane bryt dette, så er det politiet som følgjer opp lovbrotet, seier ordføraren til NRK.

Han er klar på at kommunen meiner dei strenge tiltaka er naudsynte.

– Den britiske varianten er meir smittsam og når omfanget er så stort som no, er det lurt at me strammar inn ekstra for å få full oversikt.

Førebels varar smitteverntiltaka ut veka, men etter alt å døme blir dei forlenga. Kommunen ønskjer å få god oversikt over situasjonen.

– Planen er å ha eit møte i heradsstyret på onsdag, om å utvide nedstenginga til å gjelde ut neste veke, opplyser Thorbjørnsen.

NABOAR: Førebels er det påvist samanheng mellom smitte i Ulvik og Voss, samt mistanke om samanheng i Kvam.

Smitte i tre andre kommunar

Det er sterk mistanke om at utbrotet i Ulvik kan ha spreidd seg til kommunar i nærleiken i Hardanger:

  • Voss herad (to smittetilfelle): Først eitt smittetilfelle dei veit stammar frå Ulvik-utbrotet, som difor er medrekna i totaltalet som Ulvik herad opererer med. Tysdag har éin nærkontakt av vedkommande også testa positivt for korona. Avisa Hordaland skriv at det første tilfellet har fått påvist den britiske varianten.
  • Kvam herad (fire smittetilfelle): Første tilfelle påvist i helga, og det er sterk mistanke om at det stammar frå Ulvik. Tysdag er det påvist tre nye smittetilfelle, alle er nærkontakt med det første tilfellet.
  • Samnanger kommune: Eitt tilfelle påvist tysdag ettermiddag. Er nærkontakt med det første tilfellet i Kvam herad.

Potensielt er det altså totalt seks tilfelle i tre kommunar som kan knytast til Ulvik-utbrotet.

I Kvam herad er 53 personar er definerte som nærkontaktar, og kommunen stengde tysdag ettermiddag Ålvik skule, og oppmoda til minst mogeleg sosial kontakt.

Nabokommunane innfører også ventekarantene

Både Voss, Eidfjord, Ullensvang, Kvam og no Samnanger følgjer utbrotet i Ulvik tett.

FHI har tilrådd nabokommunane til Ulvik om å setje dei som har hatt kontakt med nærkontaktar i ventekarantene.

Det betyr altså at personar som har vore i kontakt med ein nærkontakt av smitta, må i karantene til nærkontakten har fått negativt testsvar.

I Voss herad føler dei likevel at dei har kontroll.

– Dei to som har fått påvist korona har ikkje hatt andre nærkontaktar. Difor er det ingen fleire som blir sett i karantene i Voss og vi føler vi har kontroll førebels, fortel kommuneoverlege Eystein Hauge til NRK.

I ei felles pressemelding oppfordrar Eidfjord, Ullensvang, Kvam og Voss innbyggjarane til godt smittevern.

– Vi ønskjer mellom anna å redusere pendling mellom nabokommunane i ein periode no og oppfordrar difor til heimekontor, seier vossa-ordførar Hans Erik Ringkjøb.

Det vert også tilrådd å avgrensa sosial kontakt i størst mogleg grad, og ikkje ha besøk av fleire enn fem gjestar. Sosiale samkomer bør skje utandørs.

Ventar endeleg svar på mutant

Måndag vart 80 innbyggjarar i Ulvik testa. Ordføraren lovar at dei skal halde oppe trykket på testinga også dei neste dagane.

Dei ventar testresultat fortløpande. Endeleg stadfesting på at det er den britiske mutantvarianten var i utgangspunktet ikkje venta i dag.

Men tysdag ettermiddag skriv BT at Helse Bergen bekreftar funn av den britiske mutasjonen hjå i underkant av ti positive prøvar frå måndag.

Avdelingssjef Elling Ulvestad ved Mikrobiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus vil ikkje seie kva kommunar det dreier seg om, men bekreftar til avisa at det er snakk om fleire enn éin.

Kommunane det gjeld blir no varsla. Helse Bergen testar for muterte virus for kommunane i sitt dekningsområde, samt Helse Førde.

Maskina på Haukeland som gjer at Helse Bergen sjølv kan undersøke positive koronatestar for mutasjonar

BEKREFTAR FUNN: Maskina som gjer at Helse Bergen sjølv kan teste positive koronaprøvar for mutantvariasjonar.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK