Hopp til innhold

18-åring ynskt av eliteklubb

Stortalentet Hege Bakken Wahlquist er ynskt av ein eliteserieklubb i handball.

Hege Bakken Wahlquist

TEK STEGET OPP? Hege Bakken Wahlquist spelar i dag for Jotun i 1. divisjon. Neste stopp kan vere i eliten.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Det stadfestar både spelaren sjølv og Gunn Lerøy i handballgruppa til Jotun.

- Ein eliteserieklubb har retta førespurnad om å få samtale med Hege, seier Lerøy.

Trur ikkje på Jotun

Verken klubben eller stortalentet Bakken Wahlquist ynskjer å seie kva klubb som ynskjer hennar teneste. Men eit klubbskifte ser ut til å vere svært aktuelt til neste sesong.

- Eg trur ikkje det blir Jotun. Eg må ut og ta utdanning.

- Du reknar med å skifte klubb?

- Ja, det trur eg at eg må, stadfestar venstrevingen.

VM-sølv

Med sine to scoringar medverka Bakken Wahlquist til Jotun sin sterke 30-23 siger over det tidlegare eliteserielaget Bjørnar i helga. I vinter spelte stortalentet også for det norske U18-landslaget som tok sølv i VM.

Jotuntrenar Øyvind Indrebø vedgår at han helst ynskjer å behalde 18-åringen også neste år.

- Men vi veit at solid innsats i 1. divisjon kan skape interesse frå høgare nivå for fleire av våre spelarar, seier han.

- Ikkje eit must

Vel så viktig som treningstilbod er speletid på så høgt nivå som mogleg for handballtalentet. Landslagstrenar Reidar Møistad seier eit klubbskiftet ikkje er noko must for utviklinga til vingspelaren.

Han forstår likevel at det ofte er andre faktorar som spelar inn når unge talent vel å skifte klubbar på høgare nivå. Som til dømes utdanning.

- Med tanke på landslaget er det ingen krise å spele i 1. divisjon. Hege er veldig ung og urutinert og i Jotun får ho mange fine utviklingstiltak. Men dette blir individuelle vurderingar, seier han.

A-landslaget

Med tanke på framtidig A-landslagsspel er det derimot viktig å spele på så høgt nivå som mogleg.

- På juniorlandslaget har vi også spelarar frå 2. divisjon. Men ser du på seniorlandslaga, så er det berre å sjå kva nivå spelarane der spelar på. Nålauget blir trongare og trongare, seier han.

Ikkje til Polen

Grunna problem med beinhinnebetennelse er ikkje Årdalsjenta med i den norske U18-troppen som om ei veke deltek på turnering i Polen.

- Vi ynskjer å belaste henne litt mindre på grunn av skadesituasjonen, seier Møistad.

Når det gjeld neste års EM i Nederland, er Bakken Wahlquist absolutt i tankane til landslagsleiinga.