Hopp til innhold

VM-sølv til Jotun-spelar

Hege Bakken Wahlquist frå IL Jotun og Øvre Årdal tok sølv med det norske handballandslaget i U-VM.

Hege Bakken Wahlquist (18)

Hege Bakken Wahlquist (i raud drakt) i aksjon i VM.

Natt til fredag vart det tap mot Sverige i finalen i turneringa, som gjekk i Den dominikanske republikken.

Sverige vann 34-29 etter å ha leia med sju mål ved pause.

Hege Bakken Wahlquist sette inn eitt av dei norske måla.