Hopp til innhold

240 togpassasjerar står fast på Bergensbanen

Ein straumfeil vest for Voss – mellom Bulken og Evanger – omlag sidan klokka 20 gjer at 240 passasjerar ikkje kjem vidare mot Bergen.

To ettermiddagstog frå Oslo skulle klokka 20 og 22 vidare frå Voss med totalt 200 passasjerar, men vart ståande på stasjonen.

Og eit lokaltog med 75 passasjerar står fast på den straumlause delstrekninga litt lenger vest.

Klokka 23 hadde Vy berre klart å skaffe alternativ transport for 35 av dei 200 på Voss, og ingen av dei 75 i lokaltoget.

Kart med Voss, Bulken, Evanger og Bergen
Foto: NRK