Junior-EM i handball går i Valencia i Spania. Det norske landslaget opna litt famlande, og motstandaren heldt fylgje til 9-9. Men derifrå og inn var dei norske jentene klart best, mellom anna på grunn av godt forsvarsspel av Kjerstin Boge Solås.
FEKK SKRYT: Kjerstin Boge Solås gjode ein god kamp.
Foto: Svein André Svendsen– Vi fekk sett forsvarsspelet der Kjerstin stod fram suverent i duellspelet og braut rytmen i angrepsspelet til Kviterussland. Vi fekk også mange enkle kontramål i denne perioden, seier trenar Tore Johnnesen til handball.no.
Til Tertnes
Dale-jenta er mellom dei yngste på juniorlandslaget, ho fylte 17 år i desember. I to sesongar har ho vore ein viktig brikke på 2. divisjonslaget til Førde, samstundes som ho har spelt 3. divisjon for Dale.
- Les også:
- Les også:
I vår vart det kjent at ho komande sesong skal spele for eliteserielaget Tertnes i Bergen, der juniorlandslagstrenar Tore Johannesen er hovudtrenar.
Fredag kveld skal det norske laget møte vertslanet Spania i junior-EM.
FØR KAMPEN: Spente norske jenter før opningskampen i junior-EM.
Foto: eurohandball.valencia2015.com