Hopp til innhold

- Eg er ikkje redd

- Eg er ikkje så veldig redd. Det verkar som at dei andre ungdommane også er rolege.

Det seier Pia Helen Dolsvaag frå Kristiansand til Dagbladet . Det er ho som har fått påvist svineinfluensa på 4H-leiren på Breim.

Les: Svineinfluensa på 4H-leir

- Eg vakna med kraftig hovudverk og feber. I 12-tida vart eg isolert på ein skule på Breim, fortel jenta til avisa.

Dolsvaag seier at ho fekk beskjeden klokka 21 fredag kveld. Ho fortel at det kjennest som om ho har vanleg influensasmitte i kroppen.

- Eg ligg på eit liggeunderlag på golvet på skulen og har ein sovepose over meg. Feberen min er på over 38 grader no, men det går bra. Eg får mat og medisinar, seier Pia Dolsvaag.

Også foreldra tek hendinga med stor ro.

- Feberen til Pia har gått ned, og ho er på betringens veg. Eg er ikkje uroa for henne. Dette går veldig bra, sier far Jan Atle Dolsvaag.

Han rosar 4H-leiinga for måten dei har handtert situasjonen på. Han fortel at dei har fått snakka med både smittevernlegen og leiinga på leiren.

- For meg verker det som om at dei har full kontroll. , seier han til avisa.