Hopp til innhold

101-åring fekk første vaksine

101 år gamle Sigmund Salveson på Hogatunet bu- og behandlingssenter på Nordfjordeid blei den første som fekk koronavaksine i Stad kommune. Det blir i dag gitt 55 koronavaksine-dosar til bebuarar ved Hogatunet bu- og behandlingssenter og Fossevegen bufellesskap på Nordfjordeid. Neste veke vil det bli gjennomført vaksinering i Selje.

Første vaksine i Stad kommune
Foto: Stad kommune