Hopp til innhold

100.000 ulykker skuldast berøringsskjermar i bil

Ny undersøking gjev skjermar i bil skulda for hundre tusen trafikkulykker. Forsikringsselskap kallar distraherte sjåførar «ein ny folkesjukdom».

berøringsskjermar i bil

SJUKDOM: Gjensidige omtaler ulykkesstatistikken som «fortvilande» og kallar omfanget av distraherte norske sjåførar for «ein ny folkesjukdom» som skaper «død og forderving».

Foto: Adac

Gjensidige og Trafikksikkerhetsforeningen har via Ipsos gjennomført ei undersøking med 3500 bilistar.

Av dei som har opplevd at berøringsskjermen har teke merksemda vekk frå vegen, seier ein av tre at skjermen har ført til «farlege eller ubehagelege situasjonar i trafikken».

I halvparten av desse «ubehagelege situasjonane» har skjermen ført til faktiske ulykker eller uhell.

Omsett i reine tal betyr det at berøringsskjermar har skulda for meir enn 100.000 ulykker, seier Bjarne Aani Rysstad, som er kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Han omtaler ulykkesstatistikken som «fortvilande» og kallar omfanget av distraherte norske sjåførar for «ein ny folkesjukdom» som skaper «død og forderving».

Det er supert med teknologisk utvikling, men det har skjedd noko fortvilande med køyreåtferda blant norske sjåførar, seier han.

Rysstad legg til at dei reelle tala etter alt å døme er høgare enn kva statistikken fangar opp. Dei stiller seg bak Trygg Trafikks forslag om eit forbod mot all trykking som ikkje skjer via rattet.

Bjarne Aani Rysstad er kommunikasjonssjef i Gjensidige skadeforsikring.

– Berøringsskjermar har skulda for meir enn 100.000 ulykker, seier Bjarne Aani Rysstad, som er kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Foto: Mats Stordal / Mats Stordal

Ingunn Handagard i NAF seier til NRK at dei ikkje ynskjer seg eit slikt særnorsk forbod sidan det «vil vere vanskeleg å handheve og gjere fleire bilistar til ufrivillige lovbrytarar».

I ein artikkel i The New York Times heiter det at løysinga på distraherande teknologi er meir teknologi.

Mikkel Friis i Opplysningsrådet for vegtrafikk (OFV) peikar på det same, og viser til nye styringssystem som gjer at sjåføren kan snakke eller gestikulere til bilen – i staden for å trykke.

Statens vegvesen har lansert kampanje

Førre veke skreiv NRK om ein alarmerande, tysk rapport som konkluderer med at skjermbruken i nye bilar «representerer ein stor tryggingsrisiko».

Undersøkinga vart motteke som ein vekkjar blant europeiske bilorganisasjonar, som no vil diskutere om det bør vere standardiserte krav til utforming og plassering av funksjonar.

Den tyske testen kjem på toppen av fleire andre rapportar.

  • Eit svensk eksperiment frå 2019 viser at folk bruker mykje lengre tid på navigere på skjermen enn dei brukar på tradisjonelle knottar og menyhjul.
  • I 2020 viste ein studie bestilt av den britiske trafikktryggleiks-organisasjonen IAM RoadSmart at førarar som «fikla» med den store skjermar hadde lengre reaksjonstid enn dei som køyrde i påverka tilstand.

Statens vegvesen lanserte i fjor kampanjen «Takk for merksemda» etter rapportar som sa at fleire ulykker skuldast manglande merksemd og at trenden berre held fram med å auke.

I juni kalla dei inn til krisemøte etter det som har vore omtalt som ein norsk «ulykkessommar».

Hittil i år har 70 menneske mista livet på norske vegar. Det er meir enn dobbelt så mange som i første halvår i 2021.

Ei betydeleg kjelde til distraksjon

Prosjektleiar ved Transportøkonomisk institutt (TØI), Tor-Olav Nævestad, seier til NRK at «omtrent halvparten av dødsulykkene i perioden 2017–2020 har låg merksemd, distraksjon eller trøyttleik som medverkande faktor».

Uttalen er basert på data frå ulykkesanalysegruppa (UAG) i Statens vegvesen.

Det tilseier eit stort potensial for ulykkesreduksjon dersom vi finn effektive tiltak, seier Nævestad.

Han har merka seg den tyske testen som NRK omtalte i førre veke:

Det ser ut som testen identifiserer ei betydeleg kjelde til distraksjon. Gitt at dei nye bilane har slike skjermar, vil det vere viktig å finne standardiserte løysingar som reduserer distraksjonen frå skjermane så mykje som mogleg.