Hopp til innhold

Kvinna som blei funnen medvitslaus i Alver død - utvidar siktelsen mot mannen

Kvinna i 50-åra som blei funnen medvitlaus i Alver på torsdag døydde på Haukeland universitetsjukehus på laurdag.

Mannen i 30-åra som er sikta i saka blei varetektsfengsla i går i fire veker, med brev og besøksforbod. Dei to første vekene er i isolasjon.

Politiet har utvida siktelsen mot mannen til drap.

Dei pårørande er varsla.

et nærbilde av en bok

Mann i 30-åra sikta for drapsforsøk etter at ei kvinne vart funnen medvits­laus i Alver

Politiet har sett i gang etterforsking, etter at ei kvinne blei funnen medvitslaus på ei adresse.