Stor mangel på bøsseberarar til TV-aksjonen
Det er stor mangel på folk til årets TV-aksjon. Berre i Vestland manglar det framleis rundt 1000 bøsseberarar til årets TV-aksjon. Det er dårlegare oppslutning i år enn det brukar å vere.
Marthe Jansen er fylkesaksjonsleiar for Vestland i TV-aksjonen, og seier at mangelen er størst i områda rundt Bergen.
Det er spesielt Øygarden, Alver og Askøy kor mangelen er stor. Også Fyllingsdalen og Laksevåg manglar fleire.
– Bøsseberarane gir folk moglegheita til å gi ved å banke på dører så det som er synd er at vi ikkje får besøkt alle bustadane, seier Jansen.
Jansen veit ikkje kva som kan vere årsaka til at dei manglar folk i år. Ho håpar at fleire melder seg i innspurten.
TV-aksjonen startar klokka 16.00 i ettermiddag, og ein kan framleis melde seg.