Hopp til innhold

Fylkesveg framleis stengd

Fylkesveg 611 ved Lauvberget i Sunnfjord blir halden stengd etter steinraset før påske. No opplyser fylkeskommunen at det blir ny vurdering torsdag 24. april klokka 16.

Driftsleiar for nordlege delar av Vestland, Rune Sverre Sande, seier reinsking og sikringsarbeidet vart meir omfattande enn dei visste.

– Det er eit parti som er dårleg, som må boltast og sikrast før vi set på trafikken att, seier han.

Det er omkøyringsmoglegheiter, då via Eikefjord.

Steinras ved Lauvneset i Sunnfjord
Foto: Vegtrafikksentralen Vest