Hopp til innhold

Vil ta avgjerd om Fedje-ubåt i år

Det kan gå mot ei endeleg avklaring for kvikksølvubåten utanfor Fedje.

Nærings- og fiskeridepartementet skriv til NRK at dei vil legge saka fram for Stortinget i samband med revidert nasjonalbudsjett før sommaren.

– Sidan september 2022 har ekspertutvalet si rapport vore på høyring. Deretter har departementet brukt tid på å vurdere rapporten og høyringssvara. Det er krevjande og komplekse vurderingar regjeringa no er i gong med, og dette arbeidet har difor teke noko tid, skriv statssekretær Kristina Hansen i Nærings- og fiskeridepartementet.

Kva som skal skje med den tyske ubåten U-864 frå 2. verdskrig har vore diskutert og debattert sidan han vart funnen i 2003.

U-864 animasjon
Foto: Kystverket (animasjon)