Hopp til innhold

Arna-Bjørnar med viktig siger

Ein må gå heilt tilbake til juni for å finna den førre sigeren til Arna-Bjørnar i Toppserien. Laurdag slo dei Oslo-laget Røa 3–0 i Arna, der to av skåringane kom på overtid. Dermed tar bergenslaget tre viktige poeng i nedrykksstriden og passerer Avaldsnes på tabellen. Sigrid Aas, Linnea Sælen og Vilde Vedeler laga måla.