Hopp til innhold

Politimelder skadeverk på helleristingar

Nokon har rissa og måla figurar og initialar inn i bergflata på det 6000 år gamle bergkunstverket i Ausevika i Kinn kommune.

Fylkeskommunen melder no skadeverket til politiet.

Mellom anna har noko rissa inn ein penis på undersida av eit hjortedyr. Også initalane EHT og talet 23, samt tre figurar.

– Moderne innristingar som dette har vist seg nær sagt umogleg å fjerne utan å gjere meir skade på bergflata, seier avdelingsdirektør Per Morten Ekerhovd i ei pressemelding.

Det er kring 300 helleristingar i Ausevika. Feltet har vore tilrettelagt sidan 2009.

Over sommaren vurderer fylkeskommunen, kulturmiljøforvaltninga og grunneigar Kinn kommune kva tiltak ein kan setje i verk for å hindre meir skadeverk.

Skadeverk på Ausevikka helleristingsfelt i Kinn kommune.
Foto: Vestland fylkeskommune