Hopp til innhold

Brann i bustad i Bergen – kvinne sendt til sjukehus

På Ulsmåg i Bergen er ein bustad overtent. Brannvesenet har starta sløkking. Ifølge politiet er alle komne seg ut av huset, men dei har også starta evakuering av nabohus.

Klokka 11.39 oppdaterer politiet med at dei har evakuert dei to nærmaste bustadhusa til der det brenn. Dei ber også om at bebuarar i området lukkar dører og vindauge.

– Røyken frå brannstaden legg seg over Ulsmåg, skriv politiet på Twitter.

Klokka 12.20 oppdaterer politiet med at ei kvinne (20) som var i bustaden, er sendt til sjukehus. Vedkommande var medviten, men har vore eksponert for røyk. NRKs reporter på staden har fått opplyst at kvinna vart redda ut av huset av naboen.

Brannvesenet er på staden og driv sløkking av bustaden som er overtent. Røykdykkarar er i innsats og klokka 12.25 har dei framleis ikkje kontroll.

Det er svært mykje røyk i området og politiet ber naboar lukke dører og vindauge.

Totalt ni personar frå sju omkringliggande hus er evakuerte etter brannen. Det er kome ein buss til staden som tek seg av dei evakuerte.

På grunn av brannen er Totlandsvegen stengd ved avkøyringa frå Hardangervegen, samt vegen på motsett side av Ulsmåg skole.

Brannvesenet melde klokka 13.40 at dei har kontroll på brannen.

Ingen av dei evakuerte har behov for innkvartering. Bortsett frå tre bustader kan alle få returnere til heimane sine, opplyser politiet.

Ein hund omkom i brannen.

Politiet meldte først at det var «ei jente» som vart sendt til sjukehus. Det var retta til kvinne (20) klokka 13.06.

Brann på Ulsmåg i Bergen
Foto: Cato Kristensen / NRK