Hopp til innhold

Odd-Erik Lothe vant Luttprisen 2022

Odd-Erik Lothe frå Nordfjordeid vart årets artist under Luttprisen fredag kveld.

Teo frå Solund vart årets nykommar.

Fred Reiersen frå Førde vart kåra til årets bakomperson. Han var i 20-åra då han booka han dei første artistane til bygdebyen Førde og har skapt liv på scener i byen i nesten 30 år.

Luttprisane for 2022 vart delt ut i eit utseld Operahus på Nordfjordeid. Festen blei sendt direkte på NRK P1, om du gjekk glipp av det kan du lytte til musikkfesten her.

– Eg er blåst av banen. Eg forventa ikkje dette i det heile tatt, sa Odd-Erik Lothe frå overrekkinga av prisen.

Årets nykommar Teo Tomczuk er berre 17 år, men har allereie spelt på Malakoff og fleire andre festivalar. I tillegg har han hatt fleire låtar på spelelista til NRK P1.

Odd-Erik Lothe og Olav Stedje på scena under Luttprisen.
Foto: Jostein Vedvik