To menn fengsla etter at person blei bortført
To menn i 20-åra har sidan i fjor haust vore varetektsfengsla mistenkt for ei rekkje kriminelle hendingar i Sunnfjord. Dette gjeld grove ran, ran, fridomsrøving, trugslar og kroppskrenkingar som skal ha skjedd i perioden haust 2021 til august 2022. – Fleire andre personar har også status som mistenkte i sakene, seier etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal ved politistasjonen i Førde.
Ein av dei sikta i sakene har vore etterforska og domfelt for liknande forhold tidlegare, fortel Vårdal.
Ho legg til at dei involverte ikkje står bak alle hendingane.
Det er tre fornærma i sakene. Ho fortel at dei har blitt skadde, men vil ikkje utdjupe skadeomfanget.
Det er også ei rekkje vitne i sakene, som har funne stad i eit lukka rusmiljø. Det har gjort etterforskinga ekstra krevjande, fortel Vårdal.
I saka om fridomsrøving er fornærma ein mann i 20-åra.
– Det blei brukt vald i denne hendinga, seier Vårdal. Det blei også brukt eit «farleg reiskap», utan at politiet vil seie kva type reiskap dette er.
I ranssakene er offeret ein mann i 20-åra. Vårdal vil ikkje seie noko om kva som har blitt stole eller gå ut med fleire detaljar av omsyn til etterforskinga.
– Alle desse hendingane er alvorlege hendingar som politiet ønskjer å slå ned på, seier Vårdal.