Får fem koronamillionar
Bergen kommune får 5,3 millionar kroner til støtte og oppfølging av born og unge etter koronapandemien. Utdanningsdirektoratet løyver midlane til fylkeskommunane og 42 kommunar som vart hardast råka av pandemien. Øygarden, Askøy og Bjørnafjorden får også midlar. Vestland fylkeskommune får 1,3 millionar kroner.